Wikiversity
Innhald
Lux er ei avleidd SI-eining for lysfluks per areal (lumen/m²). Symbolet for lux er lx.
Skilnaden mellom lux og lumen er at lux også tek omsym til området lyset vert spreidd over. 1000 lumen konsentrert på ei flate på 1 m2 lyser opp flata med ei lysmengd på 1000 lux. Dersom den same styrken lumen lyste opp eit område på 10 m², ville lysmengda berre vore 100 lux.
Nox, med symbolet nx, er lik 10–3 lux = 1 mlx. Eininga vert nytta om svak belysning (nattlys) i det området der stavane på netthinna i auget trer i verksemd.
Kjelder
- Nox. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 15. november 2013.