Wikiversity
Innhald
Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg | |||
Prinsesse Ingrid Alexandra (2018) | |||
Fødd | Ingrid Alexandra 21. januar 2004 Oslo i Noreg | ||
---|---|---|---|
Tittel | Prinsesse av Noreg | ||
Alle titlar | Prinsesse av Noreg | ||
Fullt namn | Ingrid Alexandra | ||
Hus eller slekt | Huset Glücksburg (Norge) | ||
Land | Noreg | ||
Mor | Mette-Marit | ||
Far | Haakon Magnus |
Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg (fødd 21. januar 2004 i Oslo, Noreg) er prinsesse av Noreg og dotter av kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit. Ho er kronprinsparet sitt fyrste barn saman.
Prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd 21. januar 2004, kl. 09.14, på Rikshospitalet i Oslo. Ho er nr. to til den norske trona etter far sin og er den fyrste kvinna som er fødd med arverett til trona. Prinsessa blir ein gong regjerande dronning av Noreg.
I 1990 vart den norske grunnlova endra. Endringa inneber at eldste barnet til kongen eller ein tronfylgjar går inn i tronfylgjerekkja. Tidlegare gjekk berre guteborn inn i arverekkja. I §41 vart ordet Prinds bytta ut med tronarving.
Slik som faren stammar ho direkte ned frå dronning Victoria av Storbritannia. Ho står difor på lista over engelske tronfylgjarar.
Titlar
Hennar Kongelege Høyhet Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg
Galleri
- Ingrid Alexandra av Noreg
-
Monogrammet til prinsesse Ingrid Alexandras
-
Prinsesse Ingrid Alexandra, kronprins Haakon, kronprinsesse Mette-Marit, dronning Sonja og kong Harald V på slottsbalkongen, 17. mai 2007