Wikiversity
Innhald
Hron | |||
elv | |||
Hron nær Banská Bystrica
| |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 453 km² | ||
Lengd | 298 km | ||
Middelvassføring | 53,7 m³/s | ||
Kjelde | Låge Tatra | ||
Munning | Donau | ||
Hron 48°51′31″N 20°12′56″E / 48.8586°N 20.2155°E | |||
Wikimedia Commons: Hron |
Hron (tysk Gran, ungarsk Garam, latinsk Granus) er ei 298 km lang sideelv til Donau og den nest lengste elva i Slovakia. Ho spring ut frå Låge Tatra (nedanfor Kráľova hoľa) og gjennom sentrale og sørlege område av Slovakia, før ho munnar ut i Donau nær Štúrovo og Esztergom. Av store byar langs elva finn ein Brezno, Banská Bystrica, Sliač, Zvolen, Žiar nad Hronom, Žarnovica, Nová Baňa, Tlmače, Levice, Želiezovce og Štúrovo.
Nedslagsfeltet til elva dekkjer om lag 11% av heile Slovakia.
Historie
Namnet på elva vart først nemnd i 170 e.Kr., då den romerske keisaren Marcus Aurelius skreiv Meditasjonar ved Hron (latinsk Granova).[1] Det første namnet som dukka opp i mellomalderen var Gron (1075).[1] Frå 1600-talet og fram til 1930-åra vart elva nytta til tømmerfløyting.
Byar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hron» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: