Wikiversity
Innhald
Gordon Brown | |||
| |||
Statsminister i Storbritannia | |||
Periode | 2007– | ||
---|---|---|---|
Parti | Det britiske arbeidarpartiet | ||
Fødd | 20. februar 1951 | ||
Fødestad | Giffnock | ||
Mor | Bunty Souter | ||
Far | Rev. John Ebenezer Brown | ||
Ektefelle | Sarah Brown, fødd Macaulay | ||
Barn | John og James Fraser | ||
Føregangar | Tony Blair |
James Gordon Brown (fødd 20. februar 1951) er ein britisk arbeidarpartipolitikar. Han var statsminister i Storbritannia frå 27. juni 2007 til 11. mai 2010, då han trekte seg som statsminister og partileiar etter nederlag i parlamentsvalet.
Brown blei fødd i den skotske byen Glasgow. Han studerte historie ved universitetet i Edinburgh, der han fekk doktorgrada i 1982 med avhandlinga The Labour Party and Political Change in Scotland 1918-29. Brown var også rector ved universitetet frå 1972 til 1975, og var redaktør for The Red Paper on Scotland. Han arbeidde som amanuensis ved Edinburgh og Glasgow College of Technology og var seinare journalist og redaktør ved Scottish Television fram til han blei vald inn i parlamentet i 1983.
Gordon Brown stilte til val for Labour for første gong i 1979, og blei vald inn i det britiske parlamentet som i 1983. Han blei handels- og industripolitisk talsmann for opposisjonen i 1985, deretter skuggeskattestatsminister og skuggefinansminister før han i mai 1997 blei utnemnd til britisk finansminister i regjeringa til Tony Blair. Ved å sitja i denne stillinga fram til juni blei han den finansministeren som har sete lengst sidan tidleg på 1800-talet. Brown blei utnemnd til leiar for det britiske arbeidarpartiet den 24. juni 2007 og blei statsminister tre dagar seinare.
Ein rugbyskade under studenttida førte til at han mista synet på venstre auget.
Bakgrunnsstoff
Føregangar Tony Blair |
Statsminister i Storbritannia 2007–2010 |
Etterfylgjar David Cameron |