Wikiversity

Gips

Trådaktig gips-selenitt som syner at det kan vere gjennomskineleg.
Generelt
KategoriSulfatmineral
Kjemisk formelCaSO4·2H2O
Strunz-klassifisering07.CD.40
KrystallsymmetriMonoklin 2/m
Einingscellea = 5.679(5) Å, b = 15.202(14) Å, c = 6.522(6) Å; β = 118.43°; Z=4
Identifikasjon
FargeFargelaus til kvit; kan vere gul, gyllenbrunt, blå, rosa, brun, raudbrun eller grå på grunn av ureinleikar
KrystallformMassiv, flat. langstrekte og generelt prismatiske krystallar
KrystallsystemMonoklin 2/m – prismatisk
TvillingSærs vanleg på {110}
Kløyvperfekt på {010}, tydeleg på {100}
BrotMuslig på {100}, splintra parallell til [001]
FastleikFleksibel, uelastisk.
Mohs hardleiksskala1.5–2 (defining mineral for 2)
Glansglasaktig til silkeaktig, perleaktig, eller voksaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.31–2.33
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.519–1.521
nβ = 1.522–1.523
nγ = 1.529–1.530
Dobbeltbrytingδ = 0.010
PleokroismeIngen
2V-vinkel58°
Smeltbarheit5
OppløyselegheitVarm, fortynna saltsyre
Kjelder[1][2]

Gips er eit mjukt mineral danna av kalsiumsulfat, med formelen CaSO4·2H2O.[3]

Gips blir særleg danna ved inndamping av sjøvatn. Det kan òg dannast ved vulkansk aktivitet (varmekjelder), ved oksidasjon av sulfidhaldig malm og som efflorescens i jord eller kalksteinsholer.[4]

Velkrystallisert gips blir kalla selenitt. Ein fibrig variant blir kalla silkespat, medan tett, finkorna gips er kjend som alabast.[4]

Det finst gips i Noreg i mindre mengder i sprekker i alunskifer i Oslofeltet og einskilde kisførekomstar i Løkken og Sulitjelma. Det finst òg i Søftestad gruver i Telemark. Ein finn også materialet [å Spitsbergen, der det er utbreidd i sedimentlag frå karbon og permtida.[4]

I verda vert det produsert kring 90 millionar tonn gips per år. Dei største produsentane er USA, Canada, Iran, Kina og Japan.[4]

Kjelder

  1. Gypsum in Handbook of Mineralogi
  2. Gypsum at Mindat
  3. Klein, Cornelis; Hurlbut, Cornelius S., Jr. (1985), Manual of Mineralogy (20. utg.), John Wiley, s. 352–353, ISBN 978-0-471-80580-9 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Raade, Gunnar (16. januar 2013). «Gips». Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gips