Wikiversity
Innhald
Utsjånad
3. mars er den 62. dagen i den gregorianske kalenderen (63. i skotår). Det er 303 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Nasjonaldag i Bulgaria |
Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 3. mars i 2024:
- Hinamatsuri, 'dokkehøgtida' eller 'jentedagen', i Japan
- Minnedag for heilage Kunigunde i den katolske kyrkja
Namnedag
Noreg | Gunnbjørg og Gunnveig |
Sverige | Gunborg og Gunvor |
Danmark | Kunigunde |
Hendingar
Utlandet
- 1845: Florida vart delstat i USA.
- 1878: Bulgaria erklærte sjølvstende frå Det ottomanske riket.
- 1905: Ulster Unionist Party vart skipa i Belfast.
- 1931: «The Star-Spangled Banner» vart offisielt nasjonalsong i USA.
- 1974: Alle 346 ombord omkom då eit tyrkisk DC-10-fly styrta ved Paris.
Noreg
- 1894: Trikken i Kristiania vart offisielt opna.
- 1896: Ski- og fotballklubben Lyn vart stifta.
- 1906: 34 fiskarar omkom i ein storstorm ved Gjæslingan fyr i Vikna.
- 2000: Sentrumsregjeringa til Kjell Magne Bondevik gjekk av grunna gasskraftsaka, og Jens Stoltenberg vart statsminister.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 3. mars.
- 1829: Carl von Siemens, tysk industrialist
- 1877: Jón Þorláksson, islandsk statsminister (1926-1927)
- 1895: Ragnar Frisch, norsk økonom
- 1914: Asger Jorn, dansk biletkunstnar (1914-1973)
- 1917: Will Eisner, amerikansk teikneserieteiknar
- 1929: Erik Carlsson, svensk rallyførar
- 1949: Guttorm Rogdaberg, norsk gardbrukar, kulturvernarbeidar og statsstipendiat
- 1961: Knut Nærum, norsk komikar, forfattar, teikneserieteiknar og fjernsynspersonlegdom
- 1969: Erik Hoftun, norsk fotballspelar og -trenar.
Døde
- Sjå òg Døde den 3. mars.
- 1605: Klemens VIII, romersk-katolsk pave
- 1644: Guru Har Gobind, den sjette av dei ti sikh-guruane
- 1706: Johann Pachelbel, tysk komponist
- 1859: Engebret Soot, norsk kanalbyggjar
- 1885: Carl Fredrik Diriks, norsk fyrdirektør og teiknar
- 1923: Georg von Rosen, svensk målar
- 1965: Per Krohg, norsk biletkunstnar
- 1983: Hergé, belgisk teikneserieteiknar
- 1987: Danny Kaye, amerikansk komikar, skodespelar og songar
- 1996: Marguerite Duras, fransk forfattar