Wikiversity
Innhald
Utsjånad
1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1942 (romartal MCMXLII) var eit normalår som byrja på ein torsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
- Den andre verdskrigen raste på tredje året. Japan var på frammarsj.
Utlandet
- 20. januar: Wannseekonferansen i Berlin-Wannsee
- 6. mai: På øya Corregidor overgav dei siste amerikanske styrkane på Filippinane seg til styrkar frå Japan.
- 27. mai: Attentat på Reinhard Heydrich i Praha
- 9. juni: Den tsjekkiske byen Lidice vart jamna med jorda. Aksjonen er hemn for drapet på Reinhard Heydrich.
- 19. juli: Slaget om Atlanterhavet - Den tyske storadmiralen Karl Dönitz gav ordre til dei siste ubåtane om å trekkja seg attende frå Sambandsstatane (USA). USA hadde utvikla eit betre konvoisystem.
- 3. november: Det andre slaget om El Alamein tok slutt. Tyske styrkar under leiing av Erwin Rommel vart tvinga til å trekkja seg attende om natta.
- 8. november: Alliert landgang i Nord-Afrika.
- 2. desember: Verdas første kontrollerte atomreaksjon vart utført ved University of Chicago som del i det topphemmelege Manhattanprosjektet.
- Società in Accomandita Motori Endotermici (SAME), vart stifta i Treviglio i Bergamo i Italia.
Noreg
- 1. februar: Statsakta på Akershus, Vidkun Quisling fekk tittel av ministerpresident.
- 20. mars: Tusen lærarar vart arrestert.
- 30. april: Telavåg vart jamna med jorda i ein tysk hemnaksjon
- 6. oktober-12. oktober: Unntakstilstand i Trøndelag.
- 12. oktober: Josef Terboven kunngjorde forordning, dødsstraff vart innførd for ymse handlingar.
- 26. oktober: Alle mannlege jødar vart arresterte.
- 26. januar: Dei norske jødane vart frakta med skipet Donau til konsentrasjonsleiren ved Auschwitz.
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1942.
- 8. januar: Stephen Hawking, britisk fysikar
- 9. februar: Carole King, USA-amerikansk låtskrivar og songar
- 2. mars: Lou Reed, USA-amerikansk musikar
- 21. mars: Ali Abdullah Saleh, jemenittisk president
- 22. april: Egil Olsen, norsk fotballspelar og -trenar
- 29. april: Galina Kulakova, sovjetisk langrennsløpar
- 8. mai: Jim Sherwood, USA-amerikansk musikar
- 5. juni: Teodoro Obiang Nguema Mbasogo, ekvatorialguineansk president
- 18. juni: Thabo Mbeki, sørafrikansk president
- Paul McCartney, britisk låtskrivar og musikar (The Beatles)
- 19. juni: Muammar al-Gaddafi, statsleiar i Libya
- 20. juni: Brian Wilson, USA-amerikansk låtskrivar og musikar
- 5. juli: Rolf Hindhammer, norsk toneskapar
- 18. juli: Giacinto Facchetti, italiensk fotballspelar
- 2. august: Isabel Allende, chilensk forfattar
- 29. september: Jean-Luc Ponty, fransk musikar og komponist
- 11. oktober: Amitabh Bachchan, indisk skodespelar
- 27. november: Jimi Hendrix, USA-amerikansk musikar
- 6. desember: Herbjørg Wassmo, norsk forfattar
- 13. desember: Arne Treholt, norsk politikar og spion
- 21. desember: Hu Jintao, kinesisk president
Døde
- Sjå òg Døde i 1942.
- 8. januar: Catharinus Elling, norsk komponist
- 19. januar: Sven Aarrestad, norsk politikar
- 23. februar: Stefan Zweig, austerriksk forfattar
- 15. april: Robert Musil, forfattar frå Austerrike
- 3. mai: Thorvald Stauning, dansk statsminister
- 16. mai: Bronisław Malinowski, polsk-britisk antropolog
- 20. mai: Nini Roll Anker, norsk forfattar
- 10. juni: Reinhard Heydrich, tysk politisjef, døydde av skadane etter eit attentat
- 23. juli: Valdemar Poulsen, dansk ingeniør og oppfinnar
- 27. juli: Fritz Wedel Jarlsberg, norsk diplomat
- 3. august: Gustav Indrebø, norsk filolog
- 18. oktober: Mikhail Nesterov, russisk målar
- 25. oktober: Guldbrand Lunde, kulturminister i Quisling si regjering
- 1. november: Carl Fredrik Kolderup, norsk geolog
- 3. desember: Wilhelm Peterson-Berger, svensk toneskapar
- 11. desember: Séraphine Louis, fransk målar
- 19. desember: Carl Gustav Fleischer, norsk hærførar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>