LIMSwiki

Vinter-OL 1924

Vertsby Chamonix, Frankrike
Nasjonar 16
Idrettsgreiner 9
Opna 25. januar 1924, av Gaston Vidal
Avslutta 5. februar 1924
Utøvarar
Menn 247
Kvinner 11
Totalt 258
Dei olympiske vinterleikane


Vinter-OL 1924 vert rekna som dei fyrste olympiske vinterleikane. Idrettskonkurransane, som vart skipa til i Chamonix i Frankrike, vart opphavleg kalla Semaine des Sports d'Hiver («Vintersportsveka»). Veka vart arrangert i samband med sommarolympiaden i Paris. I ettertid gav den internasjonale olympiske komitéen (IOK) dette arrangementet status som dei fyrste olympiske vinterleikane.

Det vart delt ut medaljar i 16 øvingar og 9 idrettsgreiner. Nokre øvingar, som curling og militært patruljeløp, er seinare blitt rekna som demonstrasjonsøvingar. Det vart ikkje føreteke noko slikt skilje i 1924, og i ettertid har IOK gått inn for å godkjenna også desse. Så seint som i 2006 blei curling godkjend som ei fullverdig OL-øving, og deltakarane eller arvingane deira fekk rette medaljar.

Noreg tok fire gullmedaljar, tre av dei kom ved Thorleif Haug. Han vann begge langrennskonkurransane (15 km og 50 km) i tillegg til kombinert. Nordmannen Jacob Tullin Thams vann hoppkonkurransen. I kunstløp kom knapt 12 år gamle Sonja Henie på åttande og sisteplass, i dei følgjande tre leikane skulle ho vinna gull kvart år.

Norsk flaggberar under opningsseremonien var Harald Strøm, som deltok på skeiseløp.

Idrettsgreiner

Medaljestatistikk

Dei beste nasjonane
Nr. Land G S B Totalt
1 Noreg Noreg 4 7 6 17
2 Finland 4 4 3 11
3 Austerrike 2 1 0 3
4 Sveits Sveits 2 0 1 3
5 USA USA 1 2 1 4
6 Storbritannia Storbritannia 1 1 2 4
7 Sverige Sverige 1 1 0 2
8 Canada 1 0 0 1
9 Frankrike Frankrike 0 0 3 3
10 Belgia Belgia 0 0 1 1

Bakgrunnsstoff

Kjelder