LIMSwiki
Innhald
Tarjei Vesaas | |
Tarjei Vesaas i 1967 Foto: Leif Ørnelund
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. august 1897 Vinje kommune |
Død |
15. mars 1970 (72 år) |
Yrke | lyrikar, romanforfattar, skribent, novelleforfattar |
Språk | norsk, nynorsk |
Ektefelle | Halldis Moren Vesaas |
Tarjei Vesaas på Commons |
Tarjei Vesaas (20. august 1897–15. mars 1970) var ein norsk forfattar fødd i Vinje i Telemark. Forfattarskapen omfatta for det meste romanar, men i tillegg kom fleire diktsamlingar, noveller og skodespel. Han vann Nordisk råds litteraturpris for romanen Is-slottet (1963).
Verk
Det er vanleg å dele forfattarskapen til Tarjei Vesaas opp i to ulike periodar. Den første perioden omfattar verka frå mellomkrigstida. Desse verka er i hovudsak bygde- og utviklingsromanar skrivne i realistisk form, men med ein del eksperimentelle og psykologiske trekk. Dette var vanleg i norsk litteratur på denne tida, som til dømes i verka til Olav Duun eller Kristoffer Uppdal. Blant høgepunkta i Vesaas sin tidlege forfattarskap finn vi Klas Dyregodt-trilogien med romanane Fars reise (1930), Sigrid Stallbrokk (1931) og Dei ukjende mennene (1932), samt Det store spelet (1934), som ein gjerne ser på som ein av dei beste i forfattarskapen hans.
Den andre perioden i Vesaas sin forfattarskap er vanleg å plassere i to kategoriar: symbolske/allgoriske romanar, og realistiske romanar med underliggjande tematikk og symbolikk. Av symbolske/allegoriske romanar som Vesaas skreiv kan nemnast Huset i mørkret, Signalet, Brannen og Båten om kvelden, medan Kimen, Vårnatt, Fuglane, Is-slottet og Bruene er realistiske/symbolske romanar. Bleikeplassen og Tårnet er ein stad i mellom.
Det er vanleg å seie at romanen Kimen (1940), som er tolka som ein allegori på krigsstemninga og okkupasjonen, markerer starten på Vesaas sin seinare forfattarskap. Vesaas, som mange andre, ga ikkje ut nokon verk medan Noreg var okkupert av Nazi-Tyskland. Etter krigen hadde han derimot ein stor produksjon. Han ga for første gong ut fleire diktsamlingar og sine beste romanar Fuglane (1957) og Is-slottet (1963). Blant dei mest kjente dikta finn vi Snø og granskog frå Kjeldene (1946), Regn i Hiroshima frå Leiken og lynet (1947) og Det ror og ror frå Lykke for ferdesmenn (1949), som alle er høgdepunkt i norsk lyrikk.
Vesaas henta dei fleste av sine metaforar og symbol frå naturen. Naturen fungerer som resonansbotn for kjenslene og driftene til dei oppdikta personane. Oppbyggjelege element finst nesten alltid i Vesaas sine bøker. Opp mot dei mørke kreftene, livs- og dødsangsten, framandkjensla og sjølvdestruktive krefter vert det stilt opp lysare livskrefter. I kaoset er det alltid ein impuls til orden. Sjølv om Vesaas let mange av romanpersonane gå til grunne, finst det alltid eit håp for dei overlevande. Grunnverdiane kjem fram i komposisjon, tematikk og symbol.
Liv
Tarjei Vesaas var fødd i Vinje og var eldste son av bonden Olav Vesaas og Signe f. Øygarden. Gjennom mora var han skyldt bergsætta på Rauland, og var tremenning av Eivind Groven, Aslaug Vaa og Dyre Vaa. Han var frå 1934 gift med Halldis Moren Vesaas, som òg var forfattar. Dei budde på garden Midtbø i Særensgrend i Vinje, ein gard Vesaas kjøpte av farbroren sin, Øystein Vesaas i 1930. Tarjei og Halldis fekk to born: Olav og Guri.
Prisar
- Gyldendals legat 1943
- Melsom-prisen 1946
- Doblougprisen 1957
- Nordisk Råds litteraturpris 1964 for Is-slottet
- Bokhandlarprisen 1967
Ettermæle
I 1964 vann Tarjei Vesaas Nordisk råds litteraturpris for boka Is-slottet. For pengane oppretta han eit legat som kvart år skal gje ein pris til den beste unge skjønnlitterære debutanten — Tarjei Vesaas' debutantpris.
Karl Ove Knausgård skriv litt provoserande i romanen Min Kamp 2 at Fuglane er den eine av to norske romanar skrivne etter krigen som er god. Den andre er Fyr og flamme (1980) av Kjartan Fløgstad.
Nobelprisvinnaren Doris Lessing sa om Is-slottet: 'How simple this novel is. How subtle. How strong. How unlike any other. It is unique. It is unforgettable. It is extraordinary' då romanen blei gjeven ut på nytt på Penguin Modern Classics.[1]
Filmografi
Fuglane er blitt gjort til film to gonger. Fyrste gong i 1968 av den polske regissøren Witold Leszczyński med tittelen Żywot Mateusza. I 2019 fekk romanen sin første norske filmversjonen med manus av Hilde Susan Jægtnes og Anders T. Andersen, som og hadde regi og hovudrolle.
I 1987 kom det ein filmvutgåve av Is-slottet med regi og manus av Per Blom.
Bibliografi
Romanar:
- Menneskebonn (1923)
- Sendemann Huskuld (1924)
- Grindegard (Morgonen) (1925)
- Grindekveld eller Den gode engelen (1926)
- Dei svarte hestane (1928)
- Sigrid Stallbrokk (1931)
- Dei ukjende mennene (1932)
- Sandeltreet (1933)
- Det store spelet (1934)
- Kvinnor ropar heim (1935)
- Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
- Kimen (1940)
- Huset i mørkret (1945)
- Bleikeplassen (1946)
- Tårnet (1948)
- Signalet (1950)
- Vårnatt (1954)
- Fuglane (1957)
- Brannen (1961)
- Is-slottet (1963)
- Bruene (1966)
- Båten om kvelden (1968)
Novellesamlingar:
- Klokka i haugen (1929)
- Leiret og hjulet (1936)
- Vindane (1953)
- Ein vakker dag (1959)
Skodespel:
- Guds bustader (1925)
- Ultimatum (1934)
- Morgonvinden (1947)
- Bleikeplassen (1953) (dramatisering av romanen frå 1946)
- 21 år (1953)
- Avskil med treet (1953)
Diktsamlingar:
- Kjeldene (1946)
- Leiken og lynet (1947)
- Lykka for ferdesmenn (1949)
- Løynde eldars land (1953)
- Ver ny, vår draum (1956)
- Liv ved straumen (1970)
Anna
- Huset og fuglen (1971, posthumt) tekstar og bilete, redigert av Walter Baumgartner
Bakgrunnsstoff
- Digitaliserte bøker av Tarjei Vesaas hjå Nasjonalbiblioteket
- Digitaliserte bøker om Tarjei Vesaas hjå Nasjonalbiblioteket
- Møte med Tarjei Vesaas NRK-program frå 1965
- «Tarjei Vesaas» av Idar Stegane på Allkunne
- «Tarjei Vesaas» av Steinar Gimnes i Norsk biografisk leksikon, 2. utg. (2005)
- «Vesaas, Tarjei» av Johannes Andreasson Dale i Norsk biografisk leksikon, 1. utg. (1975)
- «Vesaas, Tarjei» av Johannes Andreasson Dale i Norsk allkunnebok (1964)
- Tarjei Vesaas av Ragnvald Skrede (1947)
- Ei bok om Tarjei Vesaas av Leif Mæhle (1964)
- Hovedlinjer i Tarjei Vesaas’ diktning av Kenneth G. Chapman (1969)
- I Midtbøs bakkar. Minne frå eit samliv av Halldis Moren Vesaas (1974)
- Båten om dagen. Minne frå eit samliv 1946–70 av Halldis Moren Vesaas (1976)
- Tarjei Vesaas sin debutantpris Arkivert 2004-06-14 ved Wayback Machine.
Kjelder
- Olav Vesaas (1995): Løynde land. Ei bok om Tarjei Vesaas . Cappelen
- Steinar Gimnes (2013): ...angen frå vår stutte tid. Ein studie i Tarjei Vesaas' forfattarskap. Akademika forlag
- ↑ Vesaas, Tarjei, «The Ice Palace», www.penguin.co.uk (på engelsk), henta 7. juli 2020