LIMSwiki

Rabiusa
elv
Rabiusa
Land  Sveits
Tilløp
 •  høgre Carnusbach
Lengd 32,5 km
Kjelde Bärenhornfjella i Hinterrhein
 - koordinatar 46°35′3″N 9°14′44″E / 46.58417°N 9.24556°E / 46.58417; 9.24556
Munning Samløp med Vorderrhein i Versamkløfta
 - koordinatar 46°48′16″N 9°19′49″E / 46.80444°N 9.33028°E / 46.80444; 9.33028
Kart
Rabiusa
46°48′16″N 9°19′49″E / 46.8044°N 9.33028°E / 46.8044; 9.33028
Wikimedia Commons: Rabiusa

Rabiusa (retoromansk Rabiosa[1] er ei 32 km lang sideelv til Rhinen. Elva spring ut i distriktet Hinterrhein i kantonen Graubünden i fjella kring Bärenhorn (2929 moh), der den gamle ridestien frå Safien til Splügen kryssar Safierbergpasset (2486 moh). Ho renn så gjennom den skogkledde Safiendalen og inn i Versam-gjelet, som vert kryssa av brua Versamer Tobelbrücke. Samløp med Vorderrhein ligg i den like djupe Ruinaulta.

Carnusbach munnar ut i Rabiusa i ei grend oppfor landsbyen Safien-Platz.

Landsbyen Walser i Safien er den einaste kommunen langs elva.

Kjelder