LIMSwiki
Innhald
Op art (av optical art, optisk kunst) eller op-kunst er abstrakt kunst som gjer bruk av optiske illusjonar.[1]
Ved å bruka vekslande sorte og kvite felt eller andre kontrastfarge kan til dømes kunstnara få verk til å sjå ut som om dei vibrerer eller flimrar.
Omgrepet blei føst brukt i Time Magazine i 1964, i samband med Julian Stanczak si utstilling Optical Paintings at the Martha Jackson Gallery.[2][3] Då hadde kunstnarar allereie laga kunst av denne typen i fleire år. Det første op art-verket skal vera Zebras (1938) av Victor Vasarely. Dette består av horisontale svarte og kvite striper som bøyer seg slik at det oppstår eit tredimensjonalt inntrykk av ein sitjande sebra. Retninga kan førast tilbake til nyimpresjonisme, kubisme, futurisme, konstruktivisme og dadaisme.[4]
Op art-kunstnarar
- Victor Vasarely
- Bridget Riley
- Jesús-Rafael Soto
- Richard Anuszkiewicz
- George Rickey
- Larry Poons
- K.G. Nilsson
- Youri Messen-Jaschin
- Yåcov Agam
- Daniel Burren
- Carlos Cruz-Diez
- Nicolas Schöffer
- Julio Le Parc
- Zanis Waldheims
- Josef Albers
Kjelder
- ↑ Artspeak, Robert Atkins, ISBN 978-1-55859-127-1
- ↑ Jon Borgzinner. "Op Art", Time, October 23, 1964.
- ↑ «Op-Art: History, Characteristics». www.Visual-Arts-Cork.com. Henta November 5, 2017.
- ↑ «The Collection - MoMA». The Museum of Modern Art. Henta 5. november 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Op art» frå Wikipedia på dansk, den 10. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Opkonst» frå Wikipedia på svensk, den 10. mai 2020.