LIMSwiki

Modica
by
Borga i Modica
Land  Italia
Region Sicilia
Provins Ragusa
Del av seinbarokkbyar i Val di Noto
Areal 292,37 km²
Folketal 53 503  (1. januar 2023)
Borgarmeister Pietro Torchi Lucifora
Postnummer 97015
Retningsnummer 0932
Kart
Modica
36°52′02″N 14°45′41″E / 36.867222222222°N 14.761388888889°E / 36.867222222222; 14.761388888889
Wikimedia Commons: Modica

Modica (gresk Μότουκα Mótoyka, latin: Mutyca eller Motyca) er ein by i provinsen RagusaSicilia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.

Byen ligg i Ibleafjella og i lag med Val di Noto er han ein del av UNESCO sin verdsarv i Italia.

Historie

I følgje Thukydides vart byen grunnlagd i 1360 fvt. eller 1031 fvt. og vart busett av sicelar om lag 600-talet fvt. og seinare styrt frå Siracusa. Modica vart erobra av romarane etter slaget ved Dei egadiske øyane mot Kartago i punarkrigane 241 fvt. i lag med Siracusa og heile Sicilia. Han vart ein sjølvstendig municipium.

I 535 kasta den austromerske generalen Belisarius ut gotarane og byen vart underlagt Austromarriket. I 845 erobra arabarar Modica og han fekk namnet Mudiqah. I 1091 enda den langvarige krigen til normannarane, leia av Roger av Hauteville, mot arabarane med fallet til heile Val di Noto, den søraustlege delen av øya.

I 1296 vart Modica hovudstad i grevskapet Modica, som under Chiaramonte-familien vart ein velståande, delvis sjølvstyrt, stat som kontrollerte om lag den sørlege tredjeelden av øya. Dei hadde mellom anna retten til å prege sine eigne myntar. I 1693 vart området råka av eit jordskjelv som øydela heile Val di Noto.

Modica vart annektert til Italia i 1860 og var provinshovudstad fram til 1926 då han inkludert i provinsen Ragusa.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Modica

Kjelder