LIMSwiki
Innhald
Feitt er ein spesiell type esterar som er bygd opp av alkoholen glyserol og tre feittsyrer. I dyr og menneske er feitt i første rekkje ei energikjelde og storparten av opplagsnæringa er lagra i feittreserva.
Feitt er det næringsstoffet som har det høgaste energiinnhaldet, 38 kJ/g. Men feitt tener og som varmeisolasjon og støytdempar. Ein skil gjerne mellom depotfeitt og det feittet som finst i musklar og organ. Depotfeittet i fisk, sjødyr og planter inneheld ulike umetta feittsyrer og er difor viktig for oss menneske ernæringsmessig.
Kjemi
Alle feittmolekyl er bygd opp på same måte, med eitt glyserolmolekyl som har tre feittsyremolekyl knytt til seg. Dei tre feittsyrene kan vera ulikt bygde slik at feittmolekyla kan verta store og komplekse.
Metta feitt
Metta feitt har berre enkeltbindingar i dei tre tilknytte feittsyrene. Eit stort inntak av metta feitt kan føre til auka nivå av feittstoffet kolesterol i blodet. Dette kan på sikt føre til at blodårene blir tette og i verste fall føre til åreforkalking, hjartekrampe, hjarteinfarkt eller hjerneslag. Metta feitt finn ein i mat frå dyreriket og finst mellom anna i smør, flesk og ost.
Umetta feitt
Umetta feitt er den sunnaste typen feitt for oss menneske, og kan vera med på å minke risikoen for mellom anna åreforkalking.
Einumetta feitt har ei dobbeltbinding i feittsyremolekyla. Denne typen feitt finn ein stort sett i ulike matoljer, slik som mais-, raps- og olivenolje.
Fleirumetta feitt har to eller fleire dobbeltbindingar i feittsyremolekyla. Denne typen feitt finn du i mellom anna feit fisk som til dømes laks og makrell, i tran og i soyaolje.