LIMSwiki
Innhald
Brekstad | |||
stad | |||
Brekstad
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Ørland | ||
Areal | 2,28 km² | ||
Folketal | 2 391 (2023) | ||
Folketettleik | 1 049 / km² | ||
Postnummer | 7130 BREKSTAD | ||
Preposisjon | på Brekstad | ||
Ferdselsårer | 710 | ||
Brekstad 63°41′13″N 9°39′55″E / 63.687°N 9.6654°E | |||
Wikimedia Commons: Brekstad |
Brekstad er ein tettstad i Ørland kommune på Fosen i Trøndelag fylke. Staden har 2 391 innbyggjarar per 1. januar 2023 og har frå 8. oktober 2005 kalla seg by.
Brekstad var tidlegare administrasjonssenteret i Ørland kommune. Barneskulen Hårberg skole, Ørland ungdomsskole og Ørland kyrkje ligg på Brekstad og staden er sete for Fosen tingrett. Dei største arbeidsplassane er Ørland hovedflystasjon, Mascot Høie sengetøyfabrikk, COOP Fosen og Tine Midt-Norge hvitostmeieri.
Frå Brekstad går det ferje over Trondheimsfjorden til Valset i Agdenes, og det er snøggbåtsamband til Trondheim, Hitra, Frøya, Storfosna og Kristiansund.
Kjende personar frå Brekstad
- Kjell Rune Selin, fotballspelar
- Jo Tessem, fotballspelar
- Hannah Ryggen, kunstnar
Kjelder
- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Sør-Trøndelag»Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å .