LIMSwiki
Innhald
Barbuda | |||
øy | |||
Land | Antigua og Barbuda | ||
---|---|---|---|
Del av | Leewardøyane, Dei små Antillane, Windwardøyane | ||
Stad | Karibia | ||
Areal | 160,6 km² | ||
Folketal | 1 810 (2011[1]) | ||
Barbuda 17°38′N 61°49′W / 17.64°N 61.81°W | |||
Barbuda (raud) og Antigua
| |||
| |||
Wikimedia Commons: Barbuda |
Barbuda er ei øy i Karibia og ein del av øystaten Antigua og Barbuda. Barbuda ligg 40 km nord for Antigua. Den største byen er Codrington. Ved folketeljinga i 2011 hadde Barbuda 1810 innbygjarar.[1] Øya blei hardt råka av orkanen Irma i 2017, og dei fleste innbyggjarane evakuerte.
Barbuda er ei flat kalksteinsøy av korallopphav. Den høgaste delen ligg rundt 40 moh. og er kjend som Highlands. Øya har eit rikt plante- og dyreliv og er kjend for korallrev og fine strender.[2] Namnet «Barbuda» kjem frå spansk og tyder 'skjeggete'.[3]
Historie
Tainofolk kalla siboney eller guanahuatebey var eit førkeramisk jeger- og samlarfolk som budde på Barbuda i steinalderen.[4][5][6] Øya bli seinare folkesett av arawakar, rundt byrjinga av vestleg tidsrekning.[4]
Karibar hadde truleg teke kontroll over øya då Christopher Columbus kom til området på si andre reise til Amerika i 1493.[4] Dei utgjorde eit trugsmål mot europearar til 1700-talet, men tidlege spanske busetjingar blei følgde av franske og engelske. Øya blei annektert av Storbritannia i 1628.[7]
I 1685 blei Barbuda leigd ut til brørne John og Christopher Codrington, som grunnla byen Codrington. Codrington-familien styrte øya som ein slags føydalstat i over 200 år.[7] Dei produserte matvarer og transporterte slavar til å arbeida på sukkerplantasjane sine på Antigua. Det blei sendt ut slavar frå Barbuda, mest til Antigua, men også til Leeward- og Windwardøyene og til dei amerikanske Sørstatane. Frå 1740-talet fann det stad fleire slaveopprør i Codrington. Då slaveriet blei oppheva i Det britiske imperiet var ikkje Barbuda nemnd. Gjennom eit opprør frå 1834 til 1835 frigjorde då slavane der seg sjølv.[4]
1. november 1981 fekk Antigua og Barbuda sjølvstende frå Storbritannia, men blei verande medlem av Det britiske samveldet. Eit sjølvstendeparti på øya, Barbuda Independence Movement, stilte til val i 1989, men fekk ikkje nok røyster til å sitja i parlamentet.
I september 2017 råka orkanen Irma øya, og raserte 95 % av bygningane og infrastrukturen på øya. Etterpå blei nesten alle innbyggjarane på øya evakuerte til Antigua, som hadde mindre skade.[8] Berre rundt 100 menneske blei verande.[9]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 «Census 2011 Preliminary Data Release» (PDF). Statistics Division. 31. januar 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 30. desember 2015.
- ↑ «About Antigua and Barbuda». Government of Antigua and Barbuda. Henta 19. juni 2018.
- ↑ «Antigua og Barbuda». Store norske leksikon. 6. september 2017. Henta 19. juni 2018.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «barbudaful history - barbudaful». Barbudaful.net. Arkivert frå originalen 19. juni 2018. Henta 19. juni 2018.
- ↑ Riley, Frank. «Imagine a Different Beach for Every Day of Year»". The Los Angeles Times. 13. september 1987. s. 6.
- ↑ Allahar, Anton L. «Unity and diversity in Caribbean ethnicity and culture». Canadian Ethnic Studies. Calgary25.1 .1993. s. 70–84.
- ↑ 7,0 7,1 «Barbuda». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 3 (11. utg.). 1911.
- ↑ Panzar, Javier; Willsher, Kim (14. september 2017). «For first time in 300 years, there’s not a single living person on the island of Barbuda». USA Today. Henta 14. september 2017.
- ↑ «Hurricane damage 'heartbreaking' Prince Charles». BBC News (på engelsk). 18. november 2017. Henta 19. juni 2018.
- Denne artikkelen bygger på «en:Barbuda» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2018.