LIMSwiki
Innhald
- Sjå òg øvstepresten Aron
Aron er eit mannsnamn av jødisk opphav med uviss tyding. Det blir også skrive Aaron. Aron har namnedag i Noreg den 1. april.
Tyding
Det hebraiske Ahărōn (אהרן) har ukjend tyding. Tolkingar seier det tyder 'martyrberar', 'opphøgd', 'høgt fjell' eller 'styrkefjell'. Det kan òg stamma frå gammalegyptisk aha rw, 'krigar-løve'.
Bruk
Namnet er kjent i Noreg frå om lag 1340.
I 2009 var det 799 menn som heitte Aron i Noreg. Bruken av namnet har vore i kraftig vekst i 2000-åra.
Namneberarar
- Øvstepresten Aron, den eldre broren til Moses ifølge Bibelen[1]
- Aaron Isaac eller Aron Isak (1730–1816), tysk-svensk kjøpmann, grunnleggjar av det jødiske trussamfunnet i Stockholm
- Aaron Burr (1756–1836), amerikansk revolusjonshelt og visepresident
- Áron Gábor (1814–1849), ungarsk offiser og nasjonalhelt
- Aaron Aaronsohn (1876–1919), rumensk-israelsk agronom, botanikar og sionist
- Aaron Copland (1900–1990), amerikansk komponist.
- Aron Gurwitsch (1901–1973) litauisk-amerikansk filosof
- Aaron Beck (f. 1921), amerikansk psykiater, utvikla kognitiv terapi
- Aaron Spelling (1923–2006), amerikansk film- og fjernsynsprodusent
- Elvis Aaron Presley (1935–1977), amerikansk songar
- Aaron Eckhart (f. 1968), amerikansk skodespelar
- Aaron Stanford (f. 1976), amerikansk skodespelar
- Aaron Carter (f. 1987), amerikansk songar
- Aaron Lennon (f. 1987), engelsk fotballspelar
- Aron Gunnarsson (f. 1989), islandsk fotballspelar
Fotnotar
- ↑ «2 Mos 4,14». Bibelen. «Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad.»»
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Aron (navn)» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2009.
- Spørjekassa om namn[daud lenkje]
- Søk etter norsk namnestatistikk for Aron hjå Statistisk Sentralbyrå