LIMSwiki
Innhald
’ |
---|
apostrof ( ' ) ( ’ ) Fordelingsmellomrom Parentesar |
Apostrof ( ’ ) er eit skriftteikn som på norsk blir brukt til å vise at ein del av ordet er utelaten. Vi bruker òg apostrof når vi skriv somme franske framandord og eigennamn. I andre språk har apostrofen eit vidare bruksområde, i engelsk skriv ein apostrof framom genitivs-s.
Bruk
Hovudbruksområdet i norsk er for å markere at ein del av eit ord er utelaten: «eg veit’kje»,«han er på mo’n». Ved genitiv av namn på -s, -x eller -z, skriv ein apostrof istaden for genitivs-s: «Elias Blix’ gate», «Liv Grannes’ veg».
I franske namn og lånord: chargé d’affaires, Jeanne d’Arc.
I engelsk skriv ein t.d. «a hard day’s night», «Peter’s wife» (ein hard dags kveld, Peters kone). Engelsk apostrofbruk har smitta over på norsk, men det er her rekna som feil.