LIMSwiki
Innhald
Anna Politkovskaja | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland, USA |
Fødd | 30. august 1958 New York by |
Død |
7. oktober 2006 (48 år) |
Yrke | journalist, menneskerettsaktivist, skribent, fredsaktivist, lyrikar, aktivist |
Språk | russisk |
Medlem av | Novaja Gazeta |
Ektefelle | Aleksandr Politkovskij |
Born | Vera Politkovskaja |
Anna Politkovskaja på Commons |
Anna Stepanovna Politkovskaja, russisk Анна Степановна Политковская (30. august 1958–7. oktober 2006) var ein russisk journalist og forfattar som var kjend som kritikar av Putin-styret.
Politkovskaja var fødd i New York i 1958, der dei ukrainske foreldra hennar var diplomatar i SN. Ho studerte journalistikk ved Universitetet i Moskva og tok eksamen i 1980 og så byrja ho å arbeide for avisa Izvestija. Frå juni 1999 skreiv ho ei eiga spalte for nettstaden Novaja Gazeta. Ho skreiv fleire prisa bøker om Tsjetsjenia og Putin sitt styre i Russland, den nyaste er Putins Russland som kom ut i Noreg i 2005.
Politkovskaja vart funnen ihelskoten i Moskva laurdag 7. oktober 2006 i heisen i bustadblokka ho budde i.
Bøker på norsk
- 2001 - En reise i helvete. Rapport fra krigen i Tsjetsjenia Pax forlag ISBN 82-530-2306-5
- 2005 - Putins Russland Cappelen ISBN 82-02-24543-5
- 2007 - Mitt russiske testament Cappelen ISBN 82-02-27082-0
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Anna Politkovskaya» henta frå Wikipedia på engelsk 7. oktober 2006.