LIMSwiki
Innhald
1860-åra var eit uroleg tiår i Amerika, Asia og Europa, prega av revolusjonar i Det osmanske riket og Tyskland og borgarkrig i USA. Det blei utvikla militærteknologi som panserskip, undervassbåtar og ei tidleg utgåve av maskingevær, og USA opplevde total krigføring med store tap av menneskeliv, byar og eigedom. Den atlantiske slavehandelen, som hadde vore i nedgang sidan 1820-åra, braut saman då USA innførte forbod mot slaveri.
Krigar og konfliktar
- Den andre opiumskrigen enda offisielt den 18. oktober 1860. Kina måtte gje etter for vestlege makter i ei rekkje saker; og opiumshandelen vart legalisert.
- Taipingopprøret (1860-1964) mot Qing-dynastiet enda då Nanjing fall 19. juli 1864.
- Den amerikanske borgarkrigen (1861–1865) mellom Nordstatane og Sørstatane enda med tap for Sørstatane, som blei verande i den no slavefrie amerikanske unionen. Landet opplevde total krigføring med store dødstal og øydelegginga av byar som Richmond i Virginia og Atlanta i Georgia. Utviklinga av tidlege maskingevær og krigsskip av jern og stål bidrog til øydeleggingane. Etter krigen følgde Rekonstruksjonstida, der frie afroamerikanarar oppnådde borgarrettar, men kvit motstand blei uttrykt gjennom organisasjonar som Ku Klux Klan.
- Hovuddelen av Maorikrigane på New Zealand mellom britiske kolonisatørar og maoriar byrja med den første Taranaki-krigen i 1860.
- Januaroppreisten (1863–1864) i det tidlegare polsk-litauiske samveldet mot Det russiske imperiet blei slått ned og leiarar blei avretta eller deportert til Sibir.
- Frankrike okkuperte Mexico (1863–1867). President Benito Juárez (1861–1863) blei bytta ut, først med Juan Nepomuceno Almonte (1863–1864) og seinare med keisar Maximilian av Mexico (1864–1867) i det andre meksikanske keisardømet. Juárez tok tilbake stillinga si i 1867.
- Trippelalliansekrigen (1864–1870) i Sør-Amerika der trippelalliansen av keisarriket Brasil, Argentina og Uruguay invaderte Paraguay. Krigen tok rundt 390 000 liv; etter nokre utrekningar døydde over 60 % av innbyggjarane i Paraguay.
- Bhutankrigen mellom Det britiske imperiet og Bhutan (1864-1865) enda med britisk siger og overføringa av ein del bhutansk territorium til Britisk India.
- Den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866 om leiarskapen i Det tyske forbundet.
- Samlinga av Italia førte til ulike krigshandlingar fram til det nye Italia tok opp i seg Pavestaten i 1870.
- Det osmanske riket rakna i kantane då fyrstedøme som Montenegro, Moldavia, Valakia og Serbia gjorde krav på sjølvstyre og etterkvart sjølvstende.
Politiske drap
- Presidenten i USA, Abraham Lincoln, blei skoten og drepen av John Wilkes Booth den 14. april 1865.
- Thomas D'Arcy McGee, far til den kanadiske konføderasjonen, blei snikmyrda av Patrick J. Whelan.
- Presidentkrevjaren Manuel Isidoro Belzu av Bolivia blei drepen då han møtte general Mariano Melgarejo.
- Kong Radama II av Madagaskar blei teken til fange av soldatar og kvelt.
Viktige politiske hendingar
- Samlinga av Italia under kong Viktor Emmanuel II skaut fart. Kongeriket Sardinia annekterte hertugdøma Parma og Modena, storhertugdømet Toscana og dei nordlege Pavestatane. Frankrike fekk Savoia og Nice.
- Meijirestaurasjonen fann stad i Japan (1866–1869). Tokugawa Yoshinobu, den siste Tokugawa-shogunen, tapte kontroll til fordel for Meiji-keisaren, og ei rekkje reformer følgde.
- Dominionet Canada blei skipa gjennom British North America Act av 1. juli 1867.
Vitskap og teknologi
- Dmitrij Mendelejev utvikla den moderne periodetabellen for kjemiske stoff.
- James Clerk Maxwell gav ut likningane sine om tilhøvet mellom elektrisitet og magnetisme.
- Gregor Mendel formulerte arvelovane sine som skapte grunnlaget for moderne genetikk.
- Alfred Nobel utvikla dynamitt i Tyskland.
- Robert Whitehead utvikla den moderne torpedoen.
- Joseph Lister utvikla antiseptiske metodar til bruk ved kirurgiske inngrep i 1867. Han introduserte fenol, som blei det første utbreidd brukte antiseptiske middelet innan kirurgi. Som følgje av dette fall dødstala etter infeksjonar dramatisk.[1]
- Suezkanalen opna i Egypt i 1869.
Kultur
Biletkunst
Impresjonismen gjorde seg gjeldande med utstillingar i Salon des Refusés av måleri refuserte av Salon de Paris.
I Storbritannia stod prerafaelittane sterkt. I 1861 skipa William Morris interiørselskapet Morris & Co. i 1861 saman med mellom anna Ford Madox Brown, Edward Burne-Jones og Dante Gabriel Rossetti for å tilverka handverk inspirert av kunstrørsla.[2] Julia Margaret Cameron byrja fotografera og eksperimenterte med prerafaelittisk-inspirert kunstfotografi.
Verdsutstillinga i Paris i 1867 opna med nasjonale paviljongar. Japansk ukiyo-e utstilt der var med på å vekka interesse for kunst og kultur frå det nyleg opna Japan.
Litteratur og scenekunst
- Victor Hugo gav ut Les Misérables (1862).
- Leo Tolstoj gav ut Krig og fred (1865–1867).
- Fjodor Dostojevskij gav ut Forbrytelse og straff (1866).
- Lewis Carroll gav ut Alice's Adventures in Wonderland eller Alice i Eventyrland (1865).
- Jules Verne gav ut fleire eventyrromanar, som Reisen til månen (1865), Reisen til Jordens indre (1864), Kaptein Grants barn (1867) og En verdensomseiling under havet (1869)
- Charles Dickens gav ut Store forventninger ( 1860-1) og sin siste fullførte roman, Vår felles venn (1864–65).
- George Eliot gav ut Møllen ved Floss (1860) og Silas Marner (1861)
Karl Marx gav ut første bandet av Das Kapital i 1867.
Sarah Bernhardt debuterte som skodespelar i Paris i 1862, til dårlege kritikkar. Ho fekk eit gjennombrot med Kean av Alexandre Dumas den eldre i 1868.
Klesdrakt
Viktoriatida prega kulturen i Det britiske imperiet, og påverka kulturen i land som USA. Innan vestleg mote nådde skjørtet på kjolar si største vidde med bruk av krinoline for å halda plagget utover. Utviklinga av dress og smoking fortsette blant menn, med dressjakke, bukse og vest i same stoff som ei uvanleg nyskaping. Flosshatten fekk si høgaste utforming i dette tiåret, medan skalk eller bowlerhatt blei utbreidd som eit uformelt hovudplagg.[3] Stetsonhatten «Boss of the Plains», prototypen på den verdskjende cowboyhatten, blei utforma for livet i det ville vesten.
Religion
- Sjuandedagsadventistkyrkja blei offisielt grunnlagd i 1863 i Battle Creek i Michigan i USA.
- Bahá'u'lláh erklærte seg sjølv som «den som Gud vil gjera kjend» i Ridván-hagen utanfor Bagdad i april 1863. Bahaiar reknar dette som skipinga av religionen sin.
- William og Catherine Booth skipa «The Christian Mission», seinare omdøypt til «The Salvation Army» eller Frelsesarmeen, i London i England i 1865.
Sport og spel
Skisport blei utvikla med skipinga av dei første skiklubbane og tidlege konkurransar. Trysil Skytte- og Skiløberforning blei skipa 20. mai 1861 i Trysil.[4] Same året blei skiklubben Kiandra Snow Shoe Club skipa av tre norske gruvearbeidarar i Kiandra i Australia.[5] Inderøens Skiløberforening blei også skipa dette tiåret.[6] Dei første organiserte langrennsløpa blei haldne, med eit tidleg døme dokumentert i Plumas i California i 1861,[7] Den første skihoppkonkurransen blei halden i Trysil i 1862; det første kjende skihoppet av ei kvinne fann stad under same konkurranse året etter.[8]
Sykling tok av då syklar med pedalar blei utvikla i Frankrike. I Paris utvikla både smeden Pierre Michaux, brørne Aimé, René og Marius Olivier og Pierre Lallement såkalla pedal velocipedes. Lallement tok med seg patentet til USA.[9] Denne sykkelen blei vidareutvikla til veltepetteren med stort framhjul i Storbritannia og Nord-Amerika.
Viktige personar
- Leiarar og kongelege
- President Bartolomé Mitre av Argentina
- Keisar Franz Josef av Austerrike-Ungarn
- Elisabeth av Bayern («Sissi»), keisarinne av Austerrike-Ungarn
- Keisar Pedro II av Brasil
- Statsminister John A. Macdonald av Canada
- Keisar Napoleon III av Frankrike
- Keisar Vilhelm I av Tyskland
- Kong Viktor Emmanuel II av Italia
- Statsminister Camillo Benso di Cavour av Sardinia og seinare Italia
- General Giuseppe Garibaldi
- Pave Pius IX
- Keisar Aleksander II av Russland
- Kong Mongkut av Siam (Thailand)
- Dronning Isabella II av Spania
- Dronning Viktoria av Storbritannia
- Statsminister Edward Smith-Stanley av Storbritannia
- Statsminister William Ewart Gladstone av Storbritannia
- President James Buchanan av USA
- President Abraham Lincoln av USA
- President Andrew Johnson av USA
- President Jefferson Davis av Sørstatskonføderasjonen
- President Ulysses S. Grant av USA
- Sultan Abdülmecid I av Det osmanske riket
- Sultan Abdülaziz av Det osmanske riket
- Sjah Nasser-al-Din Shah av Persia
- Keisar Kōmei av Japan
- Keisar Meiji av Japan
- Enkekeisarinne Cixi av Kina
- Keisar Xianfeng av Kina
- Yixin, prins Gong
- Keisar Tongzhi av Kina
- Det danske kongehuset knytte band til viktige kongehus då prinsessene Alexandra og Dagmar blei gifte med tronarvingane i høvesvis Storbritannia og Russland, Albert Edvard (seinare kong Edvard VII) og Aleksander (tsar Aleksander III), i 1863 og 1866.
- Andre
- John Wilkes Booth, mannen som drap Abraham Lincoln
- Kit Carson, vill vest-mann i USA
- Wild Bill Hickok, vill vest-mann i USA
- Robert E. Lee, amerikansk general som kjempa for Sørstatane
Kjelder
- ↑ Medical Advances Timeline
- ↑ «William Morris». Dictionary of National Biography. 1901.
- ↑ Byrde, Penelope (8 July 1979). Male Image: Men's Fashion in Britain 1300-1970. Great Britain: Batsford. ISBN 978-0-7134-0860-7. Oppgjeve i 1860s in Western fashion på Engelsk Wikipedia.
- ↑ Vaage, Jakob (1979). Skienes verden. Oslo: Hjemmets forlag. s. 269. ISBN 9788270061686.
- ↑ Neubauer, Ian Lloyd (August 25, 2011). «The Long Run: Australia's Storied Ski Heaven». Time (Time, Inc.). Henta 27. desember 2015.
- ↑ Ystad, Andreas; Sakshaug, Ingevald (1973). Inderøyboka. Ei bygdebok for Inderøy, Røra og Sandvollan. Inderøy, Norway: Inderøy kommune.
- ↑ «Longboards at Mammoth». Mic Mac Publishing. Henta 25. september 2012.
- ↑ Saur, Lasse (1999): Norske ski - til glede og besvær. Research report, Høgskolen i Finnmark; E. John B. Allen (2011). Historical Dictionary of Skiing. Scarecrow Press. s. 35.. Opgjevne i «History of skiing» på Engelsk Wikipedia.
- ↑ «sykkel» i Store norske leksikon, snl.no.