LIMSpec Wiki
Innhald
Samuel Colt | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 22. juli 1814 Hartford |
Død |
10. januar 1862 (47 år) |
Yrke | oppfinnar, gründer, handverkar, konstruktør, våpenprodusent |
Språk | engelsk |
Far | Christopher Colt |
Mor | Sarah Caldwell |
Ektefelle | Elizabeth Jarvis Colt |
Samuel Colt på Commons |
Samuel Colt (19. juli 1814–10. januar 1862) var ein USA-amerikansk oppfinnar og forretningsmagnat. Colt utvikla revolveren og gjorde han økonomisk for eit større publikum ved hjelp av masseproduksjon. Colt bidrog med skytevåpen både til Nord- og Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og til nybyggjarar i «Det ville vesten». Samuel Colt grunnla Colt's Patent Fire-Arms Manufacturing Company, i dag Colt's Manufacturing Company.
Bakgrunn
Colt var fødd i Hartford i Connecticut som son av forretningsmannen Christopher Colt (1777-1850) og Sarah Colt, fødd Caldwell. Samuel var tidleg interessert i teknikk og kjemi. Ein av dei første eigdelane var ein gammal flintlåspistol som hadde høyrt til morfaren hans, John Caldwell, som hadde vore offiser i den kontinentale hæren. Colt var særs interessert i oppslagsverket Compendium of Knowledge som han kom over under skulegangen. Han bygde sjølv ei galvanisk celle og eksperimenterte med pyroteknikk. Han heldt oppvisingar på den amerikanske sjølvstendedagen 4. juli. Ved eit slikt høve, i 1830, starta han ein brann på kostskulen han gjekk på, og blei send heim. Faren sende han til sjøs i staden. Colt reiste med briggen «Corvo» til Calcutta, og undervegs laga han ein tremodell av ein pepperbox-pistol, ein forløpar for revolveren. Han skilde seg frå samtidige våpen ved at den roterande sylinderen blei låst på plass i staden for at brukaren sjølv prøvde å setja han i rett stilling.
Colt-revolveren
Samuel Colt vende tilbake til USA i 1832. Han fekk støtte av faren til å utvikla ein pistol og ei rifle. Pistolen eksploderte då han blei avfyrt, men rifla verka godt. Faren nekta å finansiera vidare forsøk, og Colt la ut på ein turné der han demonstrerte lystgass i USA og Canada som «the Celebrated Dr. Coult of New-York, London and Calcutta». Han prøvde ei stund å halda meir seriøse vitskaplege foredrag, men fann at meir underhaldande førestillingar selde betre. Saman med bilethoggaren Hiram Powers laga han ei førestilling med vaksskulpturar og pyroteknikk som bygde på Den guddommelege komedie.
Med midla han hadde spart kunne Colt betala børsemakarar i Baltimore til å byggja våpenet han ville utvikla. Han fekk lån og råd frå ein venn av faren, Henry Leavitt Ellsworth, som arbeidde ved patentkontoret i USA. Då Colt hadde utvikla ein god pistol-prototyp rådde Ellsworth han til å søka patent i Storbritannia først og deretter i USA. I 1835 reiste han til England, fekk etter ei viss tid patent der, og tok så patent i USA. I 1836 danna han eit selskap med risikokapital, Patent Arms Manufacturing. Medan Colt ikkje rekna seg sjølv som oppfinnaren av revolveren, stod han for store framsteg i utforminga, som ei tennhette som gjorde avfyringa tryggare, raskare og meir påliteleg, og ein sylinder som blei låst på plass på linje med løpet. Colt brukte også fleire utskiftbare delar, og hadde som mål å utvikla eit skytevåpen som kunne lagast på samleband.
Colt demonstrerte pistolen sin på landhandlar og for president Andrew Jackson, som gav han ei skriftleg godkjenning. Salet gjekk likevel tregt, og då han først fekk ein større ordre frå Sør-Carolina kunne ikkje verksemda produsera dei 50-75 våpena som trongst raskt nok. Under Seminolekrigen i Florida brukte dei amerikanske soldatane pistolar og rifler frå Colt. Verksemda hadde likevel store økonomiske vanskar, og i 1843 blei ho nedlagd.
Sjøminer og leidning
Colt utvikla no andre oppfinningar: Vasstette leidningar av koppar og tjøre, og elektriske detonatorar til undervassbruk. Han slo seg saman med Samuel Morse, som la telegraflinjer under elver, innsjøar og bukter. Colt hadde stor tru på at leidningen hans ville gjera det godt saman med Morse si telegrafoppfinning. Då fiendskap voks mellom USA og Storbritannia fatta dei amerikanske styresmaktene interesse for Colt sine sjøminer, men kongressmannen John Quincy Adams kalla dei ukristelege og urettvise, og gjorde ende på prosjektet.
Samuel Colt byrja no utviklinga av patronar som tolte vatn. Opptil då hadde ein brukt små kruthaldarar av skinn eller papir som kunne bli øydelagde om dei blei våte. Colt prøvde ulike haldarmateriale, men valde til slutt tynn metallfolie. Etter fleire forsøk fekk Colt ein ordre på 200 00 slike patronar frå den amerikanske hæren. Colt hadde no tid og pengar til å vidareutvikla revolveren sin, sjølv om han ikkje hadde nok støtte til å gjenopna produksjonen.
Colt's Patent Fire-Arms Manufacturing Company
I 1847 oppsøkte kaptein Samuel Walker frå politi/militærstyrken Texas Rangers Colt og bestilte 1 000 revolverar til bruk i krigen mot Mexico. Han hadde sett Colt sine våpen i bruk under Seminolekrigane, og bad om eit par endringar: Dei nye våpena skulle ha plass til 6 kuler i staden for 5, vera sterke nok til å kunne drepa ein mann eller hest med eitt skot, og vera raskare å lada. Resultatet blei eit våpen kalla Colt Walker. Med den nye store ordren kunne Colt byrja våpenproduksjon att. Han bygde fabrikken Colt's Patent Fire-Arms Manufacturing Company i Hartford, i 1848. Ein større fabrikk blei bygd i 1855. Colt hadde også ein fabrikk i London som byrja produksjon i 1853.
Dei første revolverane frå fabrikken i Hartford blei kalla «Whitneyville-Hartford-Dragoons», og blei så populære at «Colt» blei eit vanleg ord for ein revolver. Frå 1848 fekk fabrikken fleire ordrar for Colt Dragoon-revolverar, ei vidareutvikling av Colt Walker-typen. Det blei også utvikla ein mindre type for sivile kalla Baby Dragoon. Revolverane, som kunne fyrast av seks gonger før dei måtte ladast om, gjorde det mogleg å nedkjempa større styrkar som var dårlegare utrusta. Etter vitnesbyrd blei den amerikanske hæren utrusta med ein modell kalla Ranger og seinare kjend som Colt 1851 Navy. Denne hadde ein storleik mellom Baby og vanleg Dragoon. Våpenet blei også utbreidd blant sivile, og Colt sende også agentar til Mexico for å selja revolveren der.
Seinare liv og ettermæle
Samuel Colt vakta patentrettane sine, og gjekk til mange søksmål mot dei han meinte braut det. Han oppnådde nært monopol på sin type skytevåpen i Nord-Amerika og Europa, og gjorde store sal ved å tilby våpen til nasjonar på begge sider av moglege konfliktar. Forfølginga av sin eigen patent hindra andre frå å vidareutvikla våpenet hans, men tvinga dei til å gå nye vegar. Ho sinka også Colt si eiga utvikling. Då ein av hans tilsette, Rollin White]], føreslo gjennombora sylindrar slik at ein kunne bruka metallpatronar i handvåpen, blei han sagt opp. White tok ideen sin til konkurrenten Smith & Wesson, som tok patent på ideen og hindra Colt frå å bruka han i tjue år.
Colt marknadsførte våpena sine ved hjelp av gåver, bestikking, merkevarebygging og mange ulike typar reklame. Han gjorde revolveren sin til eit symbol på amerikansk fridom og patriotisme, og framheva amerikansk teknologi over europeisk.
Under den amerikanske borgarkrigen fortsette Colt praksisen med å selja våpen til begge sider. Dette gav han stempel som ein sørstatssympatisør og forrædar i fleire Nordstats-aviser. Som motsvar på desse anklagene blei Colt 16. mai 1861 utnemnd til oberst i «1st Regiment Colts Revolving Rifles of Connecticut» som var utstyrt med rifler av Colt Model 1855 Revolving Carbine.
Samuel Colt døydde i Hartford av urinsyregikt den 10. januar 1862. Han etterlét formuen sin på 15 millionar dollar (rundt 350 millionar omrekna til 2009-verdiar) til kona si Elizabeth og den tre år gamle sonen Caldwell Hart Colt, og eit større beløp til nevøen Samuel Caldwell Colt. Svogeren Richard Jarvis fekk ansvaret for forretninga.
I 1867 bygde enkja Elizabeth ei kyrkje til minne om Colt og dei tre barna dei hadde mista. Eit kyrkjelydshus blei tilføyd i 1894 til minne om den avdøde sonen Caldwell. Church of the Good Shepherd and Parish House i Hartford er no oppført på lista National Register of Historic Places. I 2006 blei Samuel Colt innført i National Inventors Hall of Fame.
Bakgrunnsstoff
- Samuel Colt. Biografi ved netstate.com.
- Find-A-Grave-profil for Samuel Colt
- Colt History (colt.com)
- Colt Collectors Association Arkivert 2006-04-10 ved Wayback Machine. (coltcollectorsassoc.com)
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Samuel Colt» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Adler, Dennis (2008). Colt Single Action: From Patersons to Peacemakers. Edison, New Jersey: Chartwell Books. s. 309. ISBN 978-0-7858-2305-6.
- Auerbach, Jeffrey A. (1999). The Great Exhibition of 1851: a nation on display. New Haven, Connecticut: Yale University Press. ISBN 978-0-300-08007-0.
- Barnard, Henry (1866). Armsmear: the home, the arm, and the armory of Samuel Colt: A memorial. New York: Alvord Printer.
- Bowman, H.W. (1963). Lucian Cary, red. Antique Guns (Abridged Edition Fawcett Book 553) (4th printing utg.). Greenwich, Connecticut: Fawcett Publications.
- Carey, Arthur Merwyn (1953). American firearms makers: When, where, and what they made from the Colonial period to the end of the nineteenth century. Springfield, Ohio: Crowell.
- Dickens, Charles (1854). «Guns and Pistols». Household Words 4: 583.
- Edwards, William B. (1953). The Story of Colt"s Revolver: The Biography of Col. Samuel Colt. Harrisburg, PA: Stackpole Company.
- Evans, Harold; Buckland, Gail; Lefer, David (2004). They Made America: From the Steam Engine to the Search Engine: Two Centuries of Innovators. Boston: Little, Brown and Co. ISBN 0-316-27766-5.
- Foster-Harris, William (2007). The Look of the Old West: A Fully Illustrated Guide. New York: Skyhorse Publishing. ISBN 978-1-60239-024-9.
- Gibby, Darin (2011). Why America Has Stopped Inventing. Hampton, Virginia: Morgan James Publishing. ISBN 978-1-61448-049-5.
- Haven, Charles Tower; Belden, Frank A. (1940). A history of the Colt revolver: and the other arms made by Colt's patent fire arms manufacturing company from 1836 to 1940. New York: W. Morrow & company.
- Hosley, William (1996). Colt: The Making of an American Legend. Amherst, Massachusetts: University of Massachusetts Press. ISBN 978-1-55849-042-0.
- Hosley, William (1999). «Guns Gun Culture and the Peddling of Dreams». I Jan E. Dizard, Robert M. Muth, Stephen P. Andrews. Guns in America: a reader. New York: NYU Press. s. 47–85. ISBN 978-0-8147-1879-7.
- Hounshell, David A. (1984), From the American System to Mass Production, 1800-1932: The Development of Manufacturing Technology in the United States, Baltimore, Maryland: Johns Hopkins University Press, ISBN 978-0-8018-2975-8, LCCN 83016269
- Lundeberg, Philip K., Samuel Colt’s submarine battery: the secret and the enigma. Washington, Smithsonian Institution Press, 1974.
- Houze, Herbert G.; Cooper, Carolyn C.; Kornhauser, Elizabeth Mankin (2006). Samuel Colt: arms, art, and invention. New Haven, Connecticut: Yale University Press. ISBN 978-0-300-11133-0.
- Klepper, Michael; Gunther, Michael (1996). The Wealthy 100: From Benjamin Franklin to Bill Gates—A Ranking of the Richest Americans, Past and Present. Secaucus, New Jersey: Carol Publishing Group. s. xiii. ISBN 978-0-8065-1800-8. OCLC 33818143.
- Lehto, Mark R.; Buck, James R. (2008). Introduction to human factors and ergonomics for engineers. New York: Taylor & Francis. ISBN 978-0-8058-5308-7.
- Lendler, Marc (1997). Crisis and political beliefs: the case of the Colt Firearms strike. New Haven, Connecticut: Yale University Press. ISBN 978-0-300-06746-0.
- Mann, E.B. (1982). «Colt: the man behind the gun». Field & Stream 86 (4).
- Mappen, Marc (2004). «Colt, Samuel». I Maxine N. Lurie. Encyclopedia of New Jersey. Piscataway, New Jersey: Rutgers University Press. ISBN 978-0-8135-3325-4.
- Roe, Joseph Wickham (1916), English and American Tool Builders, New Haven, Connecticut: Yale University Press, LCCN 16011753. Reprinted by McGraw-Hill, New York and London, 1926 (LCCN: 27024075); and by Lindsay Publications, Inc., Bradley, Illinois, (ISBN 978-0-917914-73-7).
- Rohan, Jack (1935). Yankee Arms Maker: the incredible career of Samuel Colt (1st utg.). New York: Harper and Brothers Publishers.
- Sapp, Rick (2007). Standard Catalog of Colt Firearms. Iola, Wisconsin: F+W Media, Inc,. ISBN 978-0-89689-534-8.
- Schechter, Harold (2010). Killer Colt: Murder, Disgrace, and the Making of an American Legend. New York: Random House. ISBN 978-0-345-47681-4.
- Schiffer, Michael B. (2008). Power struggles: scientific authority and the creation of practical electricity before Edison. Cambridge, Massachusetts: MIT Press. ISBN 978-0-262-19582-9.
- Serven, J.E.; Metzger, C. (1946). Paterson Pistols, First of the Famous Repeating Firearms patented and promoted by Samuel Colt. New York: Foundation Press.
- Smith, Anthony (2004). «From Whittling to Peacemaking». Machine Gun: The Story of the Men and the Weapon That Changed the Face of War. New York: Macmillan. ISBN 978-0-312-93477-4.
- Soule, Gardner (1961). «The Story of Sam Colt's Equalizer». Popular Science 179 (6): 89.
- Tucker, Barbara M.; Tucker, Kenneth H. (2008). Industrializing antebellum America: the rise of manufacturing entrepreneurs in the early republic. New York: Macmillan. ISBN 978-1-4039-8480-7.
- Tucker, Spencer C.; Pierpaoli, Paul G.; White, William E. (2010). The Civil War Naval Encyclopedia, Volume 1. Santa Barbara, California: ABC-CLIO. ISBN 978-1-59884-338-5.
- Warshauer, Matthew (2011). Connecticut in the American Civil War: slavery, sacrifice, and survival|. Middletown, Connecticut: Wesleyan University Press. ISBN 978-0-8195-7138-0.
- Wilson, R. L. (1991). Colt: An American Legend. New York: Abbeville Press. ISBN 978-0-89659-953-6.