LIMSpec Wiki
Innhald
Noël eller Noel er eit fransk namn som tyder 'jul'. Noël kan brukast både som manns- og slektsnamn. I tillegg til i den franskspråklege verda er namnet, som regel i forma Noel, også brukt i engelsktalande område.
Noël er avleidd av latinsk natalis, som tyder 'fødsel'. Den kvinnelege forma av namnet er Noëlle, men Noel kan også brukast som kvinnenamn blant engelskspråklege. Namna Nadal, Natale og Natalie har same opphav og tyding.
Kjende namneberarar
Fornamn
- Noël Gallon (1891–1966), fransk komponist
- Noël Coward (1899–1973), engelsk forfattar, skodespelar, regissør og komponist
- Noel Field (1904–1970), USA-amerikansk diplomat
- Noël Calef (1907–1968), fransk forfattar
- Noel Rosa (1910-1937), brasiliansk musikar
- Noel Neill (f. 1920), USA-amerikansk skodespelar
- Noel Davern (f. 1945), irsk politikar
- Noël Godin (f. 1945), belgisk forfattar og aktivist
- Noel Redding (1945–2003), engelsk musikar
- Noel Dempsey (f. 1953), irsk politikar
- Noel Fielding (f. 1973), engelsk komikar, skodespelar og kunstnar
- Noel Gallagher (f. 1967), britisk musikar kjend frå Oasis
- Noel Valladares (f. 1977), honduransk fotballspelar
Slektsnamn
- François-Joseph-Michel Noël (1756-1841), fransk humanist
- Matthias Joseph de Noël (1782–1849), tysk kjøpmann, kunstnar og kunstsamlar
- Roden Noel (1834–1894), britisk diktar
- Edmond Noel (1856–1927), USA-amerikansk politikar
- Marie Noël (1883-1967), fransk diktar
- Georges Noël (f. 1924), fransk målar
- Philip W. Noel (f. 1931), USA-amerikansk politikar
- Magali Noël (1932–2015), fransk skodespelar og songar
- Martin Noël (1956–2010), tysk kunstnar
- Bertille Noël-Bruneau (f. 1996), fransk skodespelar
Annan bruk
- 1563 Noël er namnet på ein hovudbelteasteroide