LIMSpec Wiki

Ein kommune er eit mindre administrativt område i eit land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’.

I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar.

Noreg

Sjå òg Norske kommunar.

I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ein ordførar, og han kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen blir kalla kommunedirektør.

Kommunane vart innført med formannskapslovene frå 1837 og landet vart delt i 392 geografiske område med basis i prestegjelda. Talet på kommunar var størst i 1930 med 747 kommunar. I 2008 var det 430 kommunar i Noreg. Sidan 1. januar 2020 har talet på kommunar vore 356.[1][2]

Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (dansk eller bokmål).

Kommuneomgrep i nokre land

Land Kommuneomgrep
 Argentina municipio
 Bahrain بلدي
 Belgia gemeente / commune / gemeinde
 Bolivia municipio
Flagget til Kurdistan Kurdistan i Irak شاره‌وانی
 Brasil município (ved Distrito Federal deler ein inn i administrative regionar)
 Canada municipality (engelsk) municipalité (fransk)
 Chile municipio eller comuna
 Colombia municipio
 Costa Rica cantón
 Danmark kommune
 Ecuador cantón
 El Salvador municipio
 Filippinane baranggay
 Finland kunta / kommun
 Frankrike commune
 Færøyane[a] kommuna
 Belgia commune / gemeente / gemeinde
 Grønland[a] kommuneaqoue
 Hellas Δήμος
 Honduras municipio
 Island sveitarfélag
 Italia comune
 Kypros Δήμος/Belediye
 Luxembourg commune
 Mexico municipio (ved Mexicos føderale distrikt deler ein inn i delegaciones)
 Nederland gemeente
 Noreg kommune
 Paraguay distrito
 Peru provincia og distrito
 Polen gmina
 Portugal município / concelho
 Puerto Rico municipio
 Spania municipio (concejo)
 Storbritannia district i England
 Sveits (politische) Gemeinde, commune, comune m.m.
 Sverige kommun
 Tyskland Gemeinde
 USA city, borough i Alaska og parish i Louisiana
 Venezuela municipio

Sjå òg

Merknader

  1. Færøyane og Grønland tilhøyrer Danmark.

Kjelder

  1. «Historisk utvikling». regjeringen.no. Henta 18. november 2023. 
  2. «Norske fylke og kommunar». Kartverket. Henta 18. november 2023. 

Bakgrunnsstoff

Norske kommunar

Danske kommunar

Svenske kommunar