LIMSpec Wiki

Tysk postkort frå Kina ca. 1900, med berestolen til ein rikmann.
Sedanstol er ein type lukka bærestol for ein person. Bildet viser ein variant som blei vist i «Den tyrkiske landsbyen» under World's Columbian Exposition i 1893

Berestol er ei innretning for persontransport som blir bore av to eller fleire menneske. Det kan vera eit praktisk transportmiddel i tronge gater eller ulendt terreng.

Ein berestol er som regel utstyrt med to berestenger og blir som regel boren av to eller fire menn. Berestol med kalesje og dør med vindauge, såkal;a portechaise, var mykje brukt av aristokratiet og det høgare borgarskapet i Europa på 1600- og 1700-talet. Han kom trurleg til Europa frå Kina. I Aust-Asia og India har berestolar vore nytta heilt opp i moderne tid.

Kjelder

«bærestol» i Store norske leksikon, snl.no.