LIMSpec Wiki
Innhald
1812 | 1813 | 1814 | 1815 | 1816 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1814 (romartal MDCCCXIV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen.
Året var prega av Napoleonskrigane, som førte til krigshandlingar og politiske omveltingar fleire stader i verda, til dømes gjennom Kielfreden, Gent-traktaten og wienerkongressen. Napoleon abdiserte og drog i eksil, og monarkiet blei gjeninnført i Frankrike. I Noreg vart unionen med Danmark oppheva, grunnlova vert vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige.
Hendingar
Utlandet
- 14. januar: Gjennom Kieltraktaten (Kielfreden) gav Danmark herredømet over Noreg til Sverige, og fekk herredømet over Vest-Pommern.
- 29. januar: Den sjette koalisjonskrigen. Keisar Napoleon I av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Brienne.
- 31. januar: Gervasio Antonio de Posadas blei øvste direktør for dei sameinte Río de la Plata-provinsane, forløparen til Argentina.
- 14. februar: Den sjette koalisjonskrigen. Napoleon av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Vauchamps.
- 18. februar: Den sjette koalisjonskrigen. Napoleon av Frankrike sigra over austerrikske og württembergiske styrkar leidde av kongen av Württemberg i slaget ved Montereau.
- 7. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Napoleon av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Craonne.
- 10. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher sigra over Napoleon av Frankrike i slaget ved Laon.
- 12. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Den franske kongssonen Louis-Antoine, hertug av Angoulême, gjekk inn i Bordeaux, noko som markerte restaurasjonen av Bourbon-dynastiet.
- 25. mars: Skipinga av Den nederlandske banken, sentralbanken i Nederland.
- 27. mars: 1812-krigen. USA-amerikanske styrkar leidde av general Andrew Jackson sigra over creekfolk i slaget ved Horseshoe Bend i Nord-Alabama.
- 30. mars: Den sjette koalisjonskrigen. Styrkar frå koalisjonen mot Napoleon gjekk inn i Paris. Underskrivinga av Paris-traktaten enda krigen offisielt.
- 6. april: Bourbon-restaurasjonen. Hertug Ludvig av Provence, seinare Ludvig XVIII av Frankrike, blei beden om å ta den franske trona.
- 10. april: Den spanske sjølvstendekrigen. Franske styrkar under Jean-de-Dieu Soult kjempa mot franske, spanske og portugisiske styrkar i Toulouse. Begge sider hadde store tap, og begge hevda seinare at dei hadde sigra.
- 11. april: Napoleon abdiserte som keisar av Frankrike.
- 25. juli: George Stephenson prøvde ut det første lokomotivet sitt, Blucher, i Killingworth i England.
- 7. august: Pave Pius VII gjenoppretta jesuittordenen i heile verda med bullen Sollicitudo omnium ecclesiarum.
- 13. august: London-konvensjonen mellom Storbritannia og Nederland blei underskriven. Konvensjonen gav Nederland tilbake dei fleste koloniane landet hadde hatt i 1803 før Napoleonskrigane.
- 24. august: 1812-krigen. Britiske styrkar okkuperte Washington D.C. og sette fyr på fleire bygningar, mellom dei Det kvite huset og Capitol.
- 13. september: 1812-krigen. Slaget ved Baltimore var eit vendepunkt i krigen. Det amerikanske forsvaret av Fort McHenry inspirerte Francis Scott Key til å skriva diktet som seinare blei nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner».
- 16. oktober: Ølflaumen i London fann stad då oppimot 1,5 mill. liter øl flauma utover Tottenham Court Road. Fleire menneske mista livet.
- 7. november: 1812-krigen. Andrew Jackson tok Pensacola i Florida.
- 24. desember: 1812-krigen enda offisielt då Gent-traktaten blei underskriven.
Noreg
Unionen med Danmark vart oppheva, grunnlova vart vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige.
- 14. januar: Gjennom Kieltraktaten (Kielfreden) gav Danmark herredømet over Noreg til Sverige.
- 11. februar: Proklamering av norsk sjølvstende etter at landet hadde vore under dansk styre frå 1380.
- 16. februar: Stormannsmøtet på Eidsvoll.
- 25. mars: Folkeeiden og utveljinga til riksforsamlinga tok til.
- 10. april: Riksforsamlinga opnar på Eidsvoll.
- 16. mai: Riksforsamlinga på Eidsvoll vedtok den norske grunnlova.
- 17. mai: Den norske grunnlova vart underskriven av Riksforsamlinga på Eidsvoll. Den danske kronprinsen Christian Frederik vart vald til konge av Noreg.
- 28. juli: Krig braut ut mellom Sverige og Noreg. Krigen varte i to veker.
- 9. august: Slaget ved Langnes skanse vart det siste store slaget mot svenskane.
- 14. august: Våpenstillstandavtale i krigen mot Sverige. Mossekonvensjonen vart underteikna.
- 20. oktober: Unionen mellom Noreg og Sverige blei vedteken.
- 4. november: Novembergrunnlova. Den norske grunnlova vart revidert for å tilpassa ho til personalunionen med Sverige.
- 4. november: Karl XIII av Sverige vart norsk konge som Karl II.
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1814.
- 1. januar: Hong Xiuquan, kinesisk opprørar
- 4. januar: Christian Birch-Reichenwald, norsk embetsmann og politikar
- 26. mars: Carl Fredrik Diriks, norsk teiknar og embetsmann
- 27. januar: Eugène Viollet-le-Duc, fransk arkitekt
- 30. mars: Mikhail Bakunin, russisk revolusjonær
- 1. april: Søren Jaabæk, norsk bonde og politikar
- 21. april: Angela Burdett-Coutts, britisk velgjerar
- 19. juli: Samuel Colt, amerikansk oppfinnar og våpenmakar
- 10. august: Ketil Motzfeldt, norsk embetsmann og politikar
- 13. august: Anders Jonas Ångström, svensk fysikar og astronom
- 14. august: Adolph Tidemand, norsk målar
- 27. august: Heinrich Ernst Schirmer, tysk arkitekt
- 15. oktober: Mikhail Lermontov, russisk diktar
- 6. november: Adolphe Sax, belgisk musikar, oppfinnar av saksofonen
- 13. desember: Ana Néri, brasiliansk sjukepleiepioner
Døde
- Sjå òg Døde i 1814.
- 26. februar: Johan Tobias Sergel, svensk kunstnar
- 27. februar: Margaret Bingham, britisk målar og forfattar
- 6. mai: Georg Joseph Vogler, tysk komponist
- 29. mai: Joséphine de Beauharnais, fransk keisarinne
- 21. august: Benjamin Thompson, angloamerikansk fysikar og oppfinnar
- 16. oktober: Georg Wasmuth, norsk offiser og eidsvollsmann
- 28. august: Erik Must Angell, norsk jurist og politikar
- 8. september: Maria Karolina av Austerrike, dronning av Napoli og Sicilia
- 19. oktober: Mercy Otis Warren, USA-amerikansk forfattar
- 18. november: Aleijadinho, brasiliansk bilethoggar og arkitekt