LabLynx Wiki
Innhald
- For rombemusklane, sjå anten m. rhomboideus major eller m. rhomboideus minor.
Ein rombe er ein samanhengande geometrisk figur som består av fire like lange linjestykke. Kvar av desse linjestykka har ei motståande side som er parallell med seg sjølv. Ein rombe med rette vinklar (4x90°) er eit kvadrat. Alle rombar er parallellogram, men eit parallellogram er berre ein rombe viss dei to diagonalane står vinkelrett på kvarandre.
Noko som har form som ein rombe vert kalla rombisk.
Utrekningar
Areal
Arealet A av ein rombe er lik lengda av eit linjestykke multiplisert med avstanden til dets parallell (la oss kalle denne avstanden h (så parallellogram)).
Omkrins
Omkrinsen O er fire gonger lengda av eit linjestykke.