LabLynx Wiki
Innhald
Berta og Berte, med Bertha og Berthe som andre vanlege skrivemåtar, er kvinnenamn av fleire moglege opphav. Berta og Berte har norsk namnedag den 31. august, medan Berta også har svensk namnedag den 8. februar.
Avleiing
Namna blir vanlegvis sett i samnaheng med gammalhøgtysk ber(a)ht, 'lysande' eller 'vidkjend'. Ordet er kjend frå namnet og namneleddet Bert og -brecht. Gudinna Berchta eller Perchta har same opphavet. Bjarte er eit mannsnamn av norrønt opphav med ei liknande tyding.
I nordisk samanheng kan namnet òg knytast til Birgitta med liknande avleidde namneformer, som Berit og Birte.
Bert(h)ina og Bertine er avleidde former av namnet.
Bruk
Bert(h)a var mykje brukt ved slutten av 1800-talet. Bruken avtok fram mot 1950-talet, og det har sidan vore uvanleg. I 2009 var namnet brukt av til saman 1 208 norske kvinner. 488 heitte Bertha, 376 Berta, 178 Berthe og 166 Berte.
Namneberarar
- Heilage Bertha av Kent (539–ca. 612), dronning og kristnar av Kent
- Heilage Bertha av Avenay (d. ca. 690), frankisk abbeddisse
- Salige Bertha av Laon (d. 783), frankisk dronning, også kjend som Bertrada
- Heilage Bertha av Blangy (644-ca. 725)
- Heilage Bertha av Bingen (d. ca. 757), tysk adelskvinne og helgen
- Bertha av Holland (ca. 1055–1093), fransk dronning
- Bertha av Sulzbach (ca. 1110-1159), bysantinsk keisarinne
- Berte Canutte Aarflot (1795–1859), norsk forfattar
- Berthe Morisot (1841–1895), fransk impresjonistisk maler
- Bertha von Suttner (1843–1914), austerriksk pasifist og nobelprisvinnar
- Bertha Hansen (1870–1963), norsk offiser i Frelsesarmeen
- Bertha Surtees, Dame Phillpotts (1877–1932), britisk språkforskar og litteraturhistorikar
- Bertha Marie Helgestad (1880–1973), norsk sjukepleiar
- Berthe Sylva (ca. 1886–1941), fransk songar
- Bertha Ræstad (1887–1959), norsk skodespelar
- Berte Rognerud (1907–1997), norsk stortingspolitikar
- Berte Rommetveit (f. 1977), norsk artist
Kjelder
- «Berta» i Store norske leksikon, snl.no.
- «Bertha» ved behindthename.com