HL7 Wiki
Innhald
Al Muthanna | |||
المثنى | |||
guvernement | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 30°12′N 45°21′E / 30.200°N 45.350°E | ||
Hovudstad | Samawah | ||
Areal | 51 740 km² | ||
Folketal | 683 126 (2009)[1] | ||
Muthanna guvernement 30°12′N 45°21′E / 30.2°N 45.35°E | |||
Kart som viser Muthanna guvernement.
| |||
Wikimedia Commons: Muthanna Governorate |
Muthanna guvernement (arabisk محافظة المثنى, romanisert Muḥāfaẓat al-Muthannā) er eit guvernement i Irak, kalla opp etter den arabiske generalen al-Muthanna ibn Haritha frå 600-talet. Det ligg sør i landet ved grensa til Saudi-Arabia. Det administrative senteret er byen Samawah.
Før 1976 var guvernementet ein del av Diwaniya guvernement, som i dag er ein del av Najaf guvernement og Al-Qādisiyyah guvernement.
Samawah ligg like ved den sumerisk-babylonske oldtidsbyen Uruk (arameisk Erech), som kan vere opphavet til namnet «Irak». Etter Babylon fekk lågare status då selevkidane grunnla Seleucia, vart Uruk den største byen sør i Babylonia. Namnet hans, Erech, fortrengde etterkvart Babili (Babylonia), sidan byen varte langt lengre enn den tidlegare hovudstaden, fram til 600-talet.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Muthanna Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: