Clinfowiki
Innhald
slovakisk slovenčina | ||
Klassifisering | indoeuropeisk slavisk vestlege slovakisk | |
Talarar | Slovakar | |
Bruk | ||
Tala i | Slovakia, Tsjekkia | |
slovakisktalande i alt | 6 millionar | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Slovakia, Vojvodina (i Serbia og Montenegro) | |
Normert av | Det slovakiske vitskapsakademiet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | sk | |
ISO 639-2 | slo | |
ISO 639-3 | slo | |
Wikipedia på slovakisk |
Slovakisk er eit indoeuropeisk språk som blir tala først og fremst i Slovakia. Slovakisk høyrer, saman med mellom anna tsjekkisk, polsk og sorbisk, til den vestslaviske gruppa av slaviske språk. Slovakisk ligg svært nært tsjekkisk, og både slovakarar og tsjekkarar skjønar einannan godt.
Ein skriv slovakisk med latinske bokstavar, men med diakritiske teikn som markerer stemde konsonantar: č, ď, ľ, ň, š, ť, ž.
Slovakisk er offisielt språk i republikken Slovakia og i Vojvodina i Serbia og Montenegro. Slovakisk er minoritetsspråk i Tsjekkia, Ungarn, Serbia og i somme andre austeuropeiske land.
Bakgrunnsstoff
- Ethnologue report for Slovak (på engelsk)