Clinfowiki
Innhald
Advanced Micro Devices, Inc. | |||
| |||
| |||
Bransje | Halvleiarar | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1969 | ||
Forgjengar(ar) | NexGen | ||
Hovudkontor | Santa Clara | ||
Land | USA[1] | ||
Produkt | Mikroprosessorar Hovudkort-brikkesett Grafikkprosessorar Dekoderbrikker for DTV Mediabrikkesett for Handheldne einingar | ||
Grunnleggjar(ar) | Jack Gifford, Jerry Sanders, Edwin Turney | ||
Tilsette | 15 653 | ||
Salsinntekter | 401 000 000 USA-dollar (2023)[2] | ||
Omsetnad | 401 000 000 USA-dollar (2023)[2] | ||
Resultat | 854 000 000 USA-dollar (2023)[2] | ||
Marknadsverdi | 101 840 000 000 USA-dollar (24. juni 2021),[3] 131 930 000 000 USA-dollar (24. august 2021),[3] 185 240 000 000 USA-dollar (18. februar 2022)[4] | ||
Nettstad | www.amd.com |
Advanced Micro Devices, Inc. (AMD) (NYSE: AMD) er eit USA-amerikansk multinasjonalt selskap med hovudkontor i Sunnyvale i California. AMD utviklar prosessorar og annan maskinvare for datamaskinar. AMD er den nest største globale leverandøren av mikroprosessorar basert på x86-arkitektur etter Intel Corporation, og den tredje største leverandøren av grafikkustyr. Selskapet eig og 21 prosent av Spansion, ein leverandør av flash-minne.
Historie
Advanced Micro Devices (ofte forkorta AMD) blei oppretta i 1969 som ein produsent av logiske kretsar. I 1975 starta selskapet å produsera RAM-brikker. Same år lanserte dei sin egen klone av 8-bit prosessoren Intel 8080, og kalla denne AM9080ADC. I 1975 lanserte òg AMD AMD Am2900, ein 4-bit prosessor som hovudsakleg blei nytta som mikrokontrollar. Det utvikla seg etter kvart ein heil «familie» med forbetra utgåver, med namn som AMD Am2901, AMD Am2902, osv.
I 1988 lanserte AMD ein meir avansert mikrokontrollar, kalla AMD Am29000. Dette var ein 32-bit RISC-prosessor, og ein klone av Intel 80960. òg denne brikka blei byrjinga på ein eigen «familie» med mikroprosessorar (AMD Am29005, AMD Am29030, etc.). AMD slutta å produsere desse mikroprosessorane i 1995.
Brikkesett
Før lanseringa av Athlon 64 prosessoren i 2003 hadde AMD utvikla brikkesett for K6- og K7-generasjonen prosessorar. Dette brikkesettet inkludererte AMD-640-, AMD-751- og AMD-761-brikkesett. Situasjonen endra seg i 2003 med utgjevinga av Athlon 64-prosessoren, og AMD valde å ikkje forsette med eigne brikkesett for sine desktop-prosessorar, og valde å opne desktop-plattforma slik at andre firma kunne designe brikkesett til ho. Basert på den opna brikke plattforma laga ATI, VIA og SiS eigne brikkesett for Athlon 64-prosessorar og nyare Athlon 64 X2 og Athlon 64 FX-prosessorar, inkludert Quad FX-plattforma brikkesett frå Nvidia. Dette initiativet var fylgt opp med lanseringa av Opteron-servar prosessorar som AMD stoppet utforminga av brikkesett til i 2004. Etter utgjevinga av AMD-8111 brikkesette, blei server plattforma opna slik at eksterne verksemder kunne byrje å utvikle brikkesett for Opteron-prosessorer. Slik situasjonen er i dag er Nvidia og Broadcom dei einaste som lagar brikkesett for Opteron-prosessorar.
Kjelder
- ↑ https://www.grid.ac/institutes/grid.467220.5; GRID; GRID-identifikator: grid.467220.5; vitjingsdato: 19. juni 2020.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 https://www.sec.gov/Archives/edgar/data/0000002488/000000248824000012/amd-20231230.htm; utgjevingstidspunkt: 31. januar 2024.
- ↑ 3,0 3,1 «Advanced Micro Devices (AMD) Stock Key Data».
- ↑ «Forbes Advanced Micro Devices (AMD) Stock Key Data» (på engelsk).