Bioinformatics Wiki
Innhald
Ein ridespore eller berre spore er ein metallbøyle med spiss eller eit takka hjul bak som kan spennast fast til støvlehælen til ein ryttar. Sporen blir brukt til å driva fram og styra hesten ved å forsterka sjenkelverknaden når ein rir, ein «sporar» hesten. I eldre tid var sporar symbol for ryttarar, og i riddartida bar væpnaren sølvsporar og riddaren gullsporar som teikn på verdigheit.
I overført tyding kan ein også i dag snakka om å «spora» nokon til innsats.
Kjelder
- Spore: ridning (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 7. februar 2014.
- «Spore» i Nynorskordboka.