Trends in LIMS
Innhald
Utsjånad
1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
1975 (romartal MCMLXXV) var eit normalår som byrja på ein onsdag i den gregorianske kalenderen.
Hendingar
Utlandet
- 17. april: Pol Pot erklærte Kambodsja som «Demokratisk Kampuchea».
- 30. april: Vietnamkrigen enda då kommunistane erobra Saigon. Sør-Vietnam overgav seg utan vilkår.
- 22. november: Prins Juan Carlos vart utnemnd til konge av Spania.
- 25. november: Surinam fekk sjølvstende frå Nederland.
- 28. november: Aust-Timor fekk sjølvstende frå Portugal.
- 7. desember: Aust-Timor blei invadert av Indonesia.
- 21. desember: Terroristar storma hotellet i Wien der OPEC hadde møte. To vaktmenn blei drepne under skotvekslinga, og elleve arabiske oljeministrar blei haldne som gislar.
- Mosambik vann sjølvstende frå Portugal, makta vart gjeven til FRELIMO.
- Michael A. Gerzon og Peter G. Craven konstruerte Soundfieldkomrofonen, som vart nytta i samband med Ambisonics.
Noreg
- Storparten av forbundspartnarane i Sosialistisk Valforbund (ikkje Norges Kommunistiske Parti) tufta Sosialistisk Venstreparti.
- NRK starta fjernsynssendingar i farger.
Fødde
- Sjå òg Fødde i 1975.
- 1. januar: Bengt Sæternes, norsk fotballspelar
- 9. januar: Gunnhild Øyehaug, norsk forfattar
- 26. januar: Tonje Larsen, norsk handballspelar
- 15. mars: Veselin Topalov, bulgarsk sjakkspelar
- 2. mai: David Beckham, engelsk fotballspelar
- 15. mai: Ólafur Örn Bjarnason, islandsk fotballspelar
- 4. juni: Angelina Jolie, USA-amerikansk skodespelar
- 25. juni: Vladimir Kramnik, russisk sjakkspelar
- 1. august: Ane Dahl Torp, norsk skodespelar
- 6. august: Cato Guntveit, norsk fotballspelar
- 7. august: Charlize Theron, sørafrikansk skodespelar
- 27. august: Janove Ottesen, norsk songar og låtskrivar
- 12. oktober: Marion Jones, USA-amerikansk friidrettsutøvar
- 29. oktober: Aksel Hennie, norsk skodespelar og filmskapar
- 5. november: Abid Q. Raja, norsk politikar
- 17. november: Anders Anundsen, norsk politikar
- 30. desember: Tiger Woods, USA-amerikansk golfspelar
Døde
- Sjå òg Døde i 1975.
- 28. januar: Ola Raknes, norsk psykolog og forfattar
- 5. april: Chiang Kai-shek, kinesisk og taiwansk statsleiar
- 17. april: Sarvepalli Radhakrishnan, tidlegare president av India
- 22. mai: Konrad Nordahl, norsk politikar
- 5. juni: Paul Keres, estisk sjakkspelar
- 9. august: Dmitrij Sjostakovitsj, russisk komponist
- 24. august: Eamon De Valera, irsk politikar og sjølvstendeforkjempar
- 26. august: Olaf Holtedahl, norsk geolog
- 27. august: Haile Selassie, keisar av Etiopia
- 20. november: Francisco Franco, spansk diktator
- 28. november: Peder Furubotn, norsk politikar
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>