The US FDA’s proposed rule on laboratory-developed tests: Impacts on clinical laboratory testing
S/2004 S 3 sett frå Cassini-sonden 21. juni 2004 | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Cassini-Huygens |
Oppdagingsdato | 21. juni 2004 |
Baneskildring | |
~141 000 km | |
~0,624 dagar | |
Satellitt av | Saturn |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 4-5 km |
sannsynlegvis bunden | |
S/2004 S 3 er eit foreløpig namn gitt til ein ubekrefta måne i bane rett utanfor F-ringen til Saturn.
Han blei oppdaga ved hjelp av bilde som romsonden Cassini tok den 21. juni 2004, og oppdaginga blei meld frå den 9. september same året.
Astronomane har per 2005 enno ikkje endeleg fastslått om det faktisk er tale om ein måne, eller om det observerte objektet berre er eit lite område av F-ringen der ringpartiklane ligg særleg tett.
Kort tid etter oppdaginga av S/2004 S 4 fann ein eit anna objekt, kalla S/2004 S 4, rett innanfor f-ringen. Ein veit ikkje om, eller korleis, månar eventuelt kan passere ringane, så sannsynlegvis er S/2004 S 3 og S/2004 S 4 to forskjellige objekt — det kan til gjengjeld heller ikkje utelukkast at det er tale om eitt objekt, med ein bane som kryssar f-ringen.