The US FDA’s proposed rule on laboratory-developed tests: Impacts on clinical laboratory testing

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Val.
Tre månadar gammalt spedbarn og passar bruker stemmene sine til å kommunisera.

Røyst eller stemme er den lyden menneske skaper ved å lukke stemmeleppene og presse luft gjennom stemmebanda. Røysta er den mest umiddelbare uttrykksforma for tankar og kjensler hjå menneske, og er allereie frå fødselen eit eigna verkemiddel til kommunikasjon menneske imellom: gjennom skrik, sukk, tale, song, rop, gråt og anna.

Bruk av røysta

Bruken av røysta er både bevisst og ubevisst, der den bevisste delen utgjer ei formulering av ord på ulike språk som etter brukarens beste evne uttrykker det vedkommande ønskjer å kommunisere, og den ubevisste delen gjennom stemmeklang og varierande lydstyrke viser uttrykk for kjenslene.

Vi nyttar også omgrepet «indre røyst» og å «gje si røyst» - altså «røyste på nokon» under eit val. I eit ensemble eller orkester nyttast «røysta» for å indikere eit enkelt instrument eller ei instrumentgruppe som spelar dei same tonane (t.d. ei «fiolinstemme») og før ein spelar musikk saman «stemmer» ein instrumenta etter ein avtala kammertone for å kunne intonere riktig og lage harmoniar saman.

Oppbygginga til menneskerøysta

Røysta vert danne ved at eit menneske lukkar stemmeleppene presser luft gjennom stemmebanda slik at dei vekselvis vert opna og lukka. Lufta slepp dermed gjennom i kortvarige støyt (mellom nokre hundre og opp til fleire tusen gonger pr. sekund). Frekvensen av desse luft-støyta dannar tonehøgda - born og kvinnerøyster har vesentleg raskare frekvens enn mannsrøyster og kling difor «lysare».

Variasjonar i røyster

Stemmeleiet avheng mest av storleiken på stemmebanda. I puberteten veks ofte «instrumentet» mykje på kort tid og det oppstår eit «stemmeskifte». Tonehøgda avheng av spenninga i stemmebanda, auka spenning fører til fleire luftstøyt pr. sekund og dermed ein «lysare» tone. Lydstyrken vert bestemt av luftmengda som passerer stemmebanda og kor stort utslag stemmebandssvingingane har. Meir luft og større utslag gjev meir lydstyrke.

Song og formidling

Røysta har ein sentral plass i ei lang rekke kunstformer – film, teater, konsert, musikal, opera, operette, i radio og fjernsyn og på plateinnspelingar. Utøvarar bruker mykje tid på å lære seg å kontrollere omfang, klang og lydstyrke.

Kategoriar av røyster

Menneskerøysta vert vanlegvis kategorisert i 6 grupper:

Menn som syng i falsett, vert kalla kontratenor. Dei syng som oftast det same stemmeleiet som alt.

I Europa1600- 1700-talet var det også vanleg med kastratsongarar, det vil seie gutar som fjerna kjønnskjertlane før stemmeskiftet, slik at strupehovudet ikkje voks. Kastratsongarane hadde dermed lys guterøyst heile livet.

Songtypar i operasamanheng

Innanfor opera vert røyster kategorisert i «stemmefag». Gjennom tidene har det utvikla seg ulike «typar» innanfor repertoaret som har nokre fellestrekk, og det har danna grunnlaget for inndelinga. Bruken av «fag» gjer det enklare å finne dei rette songarane til rollene i ei framsyning.

Stemmefaga er:

Høgtlesing

Høgtlesing vert nytta i litterære samanheng, der innhaldet i teksten blir gjengitt ved å utnytte klangvariasjonar.

Taler og foredrag

Det same gjeld for undervisning, i taler og foredrag m.m.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Røyst