The US FDA’s proposed rule on laboratory-developed tests: Impacts on clinical laboratory testing
Innhald
Utsjånad
26. oktober er den 299. dagen i den gregorianske kalenderen (300. under skotår). Det er 66 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Bevegelege heilagdagar som fell på 26. oktober i 2024:
Namnedag
Noreg | Amandus og Amanda |
Sverige | Amanda og Rasmus |
Danmark | Amandus |
Hendingar
Utlandet
- 1917: Første verdskrigen: Brasil erklærte krig mot sentralmaktene (Tyskland med fleire).
- 1951: Winston Churchill vann valet i Storbritannia og tok sin andre periode som statsminister.
- 1956: Kampar mellom ungarske demonstrantar og sovjetrussiske stridsvogner i Budapest.
- 1959: Sovjetunionen viste fram dei første bilda av baksida til Månen, tekne av romsonden Lunik 3 tidlegare i månaden.
- 1979: Den sør-koreanske presidenten Park Chung Hee blei skoten av sin eigen etteretningssjef Kim Jea-kyu saman med fem andre.
- 1994: Midtausten-konflikten: Israel og Jordan skreiv under på ein fredsavtale under ein seremoni ved Det kvite huset i Washington.
- 2006: Romsonden Stereo blei skoten opp.
Noreg
- 1917: Stortinget vedtok forbod mot sal av sterkvin. Forbodet vart oppheva i 1923.
- 1949: Norges kommunistiske parti ekskluderer generalsekretæren Peder Furubotn og ei rad framståande medlemer.
Fødde
- Sjå òg Fødde den 26. oktober.
- 1685: Domenico Scarlatti, italiensk komponist
- 1916: François Mitterrand, fransk president
- 1919: Muhammed Reza Pahlavi, iransk sjah
- 1925: Anne Gullestad, skodespelar
- 1947: Hillary Rodham Clinton, amerikansk politikar og minister
- 1959: Evo Morales, boliviansk president
Døde
- Sjå òg Døde den 26. oktober.
- 899: Kong Alfred den store av Wessex
- 1764: William Hogarth, britisk målar
- 1941: Masja Bruskina, russisk-jødisk sjukepleiar og partisan (avretta)
- 1950: Bernhard Færøyvik, norsk historikar
- 2008: Tony Hillerman, amerikansk forfattar