Taylor Swift |
|
|
Fødd | 13. desember 1989 (34 år) |
---|
Fødestad | West Reading |
---|
Fødenamn | Taylor Alison Swift |
---|
Alias | Nils Sjöberg |
---|
Opphav | USA |
---|
Aktiv | 2006– |
---|
Sjanger | country, poprock, pop, country pop, synthpop, indiefolk |
---|
Instrument | banjo, gitar, piano, ukulele, vokal, tromme, elektrisk gitar, akustisk gitar, piano |
---|
Stemmetype | mezzosopran |
---|
Tilknytte artistar | Colbie Caillat, Kellie Pickler, Miley Cyrus, Jonas Brothers, Brad Paisley, Tim McGraw, Faith Hill, Rascall Flatts, George Strait, Gloriana |
---|
Plateselskap | Big Machine Records, Republic Records |
---|
Verka som | skodespelar, komponist, songar, musikkprodusent, velgjerar, songar-låtskrivar, songtekstforfattar, musikkvideoregissør, filmregissør |
---|
Mor | Andrea Swift |
---|
Far | Scott Swift |
---|
Sambuar med | Harry Styles, William Bowery, Taylor Lautner, Tom Hiddleston, Calvin Harris, Conor Kennedy, Jake Gyllenhaal, John Mayer, Lucas Till, Joe Jonas, Travis Kelce |
---|
Prisar | Dick Clark Award for Excellence, MTV Video Music Award for Best Female Video, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Artist of the Year, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Country Female Artist, Favorite Adult Contemporary New Artiste, American Music Award for Favorite Country Album, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Artist of the Year, American Music Award for Favorite Country Album, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Favorite Country Female Artist, American Music Award for Artist of the Year, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Country Album, Favorite Adult Contemporary New Artiste, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, American Music Award for Single of the Year, American Music Award for Artist of the Year, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, American Music Award for Tour of the Year, American Music Award for Artist of the Year, American Music Award for Favorite Pop/Rock Female Artist, Favorite Adult Contemporary New Artiste, American Music Award for Video of the Year, American Music Award for Favorite Pop/Rock Album, BRIT Award for International Female Solo Artist, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for Best Country Album, Grammy Award for Best Female Country Vocal Performance, Grammy Award for Best Country Song, Grammy Award for Best Country Solo Performance, Grammy Award for Best Country Song, Grammy Award for Best Song Written for Visual Media, Grammy Award for Album of the Year, Grammy Award for Best Pop Vocal Album, Grammy Award for Best Music Video, MTV Video Music Award for Best Female Video, MTV Video Music Award for Best Female Video, MTV Video Music Award for Best Pop Video, MTV Video Music Award for Video of the Year, MTV Video Music Award for Best Collaboration, MTV Video Music Award for Best Collaboration, MTV Video Music Award for Video of the Year, MTV Video Music Award for Best Video with a Social Message, MTV Video Music Award for Best Visual Effects, list of awards and nominations received by Taylor Swift, American Music Award for Artist of the Year, Billboard 21 Under 21, Grammy Award for Album of the Year, GLAAD Vanguard Award, Country Music Association Award for International Achievement, Country Music Association Award for International Achievement, Country Music Association Award for Female Vocalist of the Year |
Taylor Alison Swift (fødd 13. desember 1989) er ein prisvinnande, bestseljande countrymusikar frå Pennsylvania i USA. Ho syng, speler gitar og skriv eigne låtar. Swift har også spelt i filmar og fjernsynsseriar. Swift debuterte i 2006, då ho var 16. Frå byrjinga gjorde singlane og albuma hennar det godt på salslistene, og Swift har sett fleire rekordar. Ho har også vunne ei rekkje prisar. Etter lanseringen av det femte albumet sitt, 1989, blei Swift den einaste artisten som hadde hatt tre ulike album som hadde solgt over éin million kopiar i sine respektive lanseringsveker.[1]
Swift har vunne ei rekkje prisar, mellom anna ti Grammy-prisar, 19 American Music Awards,[2][3][4][5][6][7][8][9] 12 Country Music Association Awards, 8 Academy of Country Music Awards, 22 Billboard Music Awards, 1 Brit Award og 1 Emmy.
Taylor Swift har spelt i filmen Valentine's Day mot Taylor Lautner og hadde ei rolle i Hannah Montana: The Movie. På fjernsyn har ho spelt i seriane CSI, Grey's Anatomy og Law & Order.
Taylor Swift har også gjeve ut ein parfymekolleksjon, Wonderstuck.
Bakgrunn
Taylor Swift vart fødd i Reading i Pennsylvania[10] og voks opp der og i Wyomissing.[11] Faren var aksjemeklar og mora var heimeverande då ho voks opp.[12] Ho har ein yngre bror, Austin.[13]
Då Taylor Swift var ni blei ho interessert i musikalsk teater, og blei med i fleire produksjonar med Berks Youth Theatre Academy.[14] Som tidleg musikkinspirasjon hadde ho bestemora Marjorie Finlay, som song opera, lærarar frå skulen, countrymusikar som Patsy Cline, LeAnn Rimes, Shania Twain, Dolly Parton, Dixie Chicks og Tina Turner. Ho har skrive fleire av songane sine saman med Liz Rose.
Swift og mor hennar vitja countryhovudstaden Nashville for første gong då ho var elleve, og gav ein demoteip der ho song karaokeversjonar av Dolly Parton- og Dixie Chicks-songar.[15]
Ingen av dei store plateselskapa viste interesse, så Swift bestemte seg for å finna ein måte å skilja seg ut på.[16]
Då Swift var om lag 12 fekk ho hjelp av den lokale musikaren Ronnie Cremer til å læra seg gitarspel og å skriva songar. Dette førte fram til songen hennar «Lucky You».[17][18]
I 2003 byrja Swift og foreldra å arbeida med musikk-manageren Dan Dymtrow frå New York. Med hans hjelp ble Swift modell for Abercrombie & Fitch som del av deire «Rising Stars»-kampanje, fekk ein original song med på ein samle-CD frå Maybelline og hadde møte med større plateselskap.[19]
Då ho var 14, flytta familien til ein forstad til Nashville. Etter lengre kontakt med Scott Borchetta fekk ho tilbod om kontrakt med det nye selskapet han hadde starta Big Machine Records, og blei dermed den yngste artisten eigaren Sony/ATV Music Publishing hadde signert.
Singlar
Første singelen til Swift, «Tim McGraw», nådde sjetteplassen på Billboard si singelliste. Andre singelen, «Teardrops on My Guitar», gjorde det godt på countrylistene og på dei generelle liste, også som ein pop-remiks.
«Our Song» nådde førsteplassen og «Picture to Burn» nådde tredjeplassen på countrylistene, medan siste singelen «Should've Said No» igjen nådde førsteplass.
«Love Story», første singelen frå neste albumet, blei ein stor hit verda over. Frå han blei sloppen 12. september til 8. februar 2009 blei han den mest nedlasta songen for betaling nokonsinne.
Singelen « Mine» frå tredje albumet hennar blei tjuvsluppen på Internett og deretter tidleg sloppe
av plateselskapet den 4. august 2010. Det er selt over ein million eksemplar av han.
Album
Debutalbumet Taylor Swift kom ut 24. oktober 2006 og selde 39 000 kopiar i USA den første veka det var i sal.
I 2007 gav Swift ut julealbumet Sounds of the Season: The Taylor Swift Holiday Collection i avgrensa opplag.
Fearless var andre studioalbumet av Taylor Swift og kom ut 11. november 2008. Albumet selte nesten 600 000 kopier den første veka, og Taylor blei den første country-artisten som hadde selt så mykje den første veka.
Det tredje albumet, Speak Now, selde i éin million eksemplar i løpet av den første veka etter at det blei utgjeve den 25. oktober 2010.
Galleri
-
Taylor Swift opptrer i 2006.
Foto: Dwight McCann
-
Taylor Swift ved MTV Video Music Awards i 2009.
Foto: Philip Nelson
-
Taylor Swift ved
Time 100 Gala i mai 2010.
Foto: David Shankbone
Kjelder
- ↑ NY Daily News: Taylor Swift’s ‘1989’ sells 1.287 million copies in first week, biggest open in 12 years
- ↑ «2007 American Music Awards Nominees and Winners». Los Angeles Times.
- ↑ Fleeman, Mike (2008-11-23). «Chris Brown Dominates American Music Awards – American Music Awards, Chris Brown». People.
- ↑ «A Complete List of 2009 AMA Winners». CBS News. 2009-11-23.
- ↑ Rovenstine, Dalene (November 21, 2010). «American Music Awards». Entertainment Weekly.
- ↑ «American Music Awards 2011: Full list of winners». ABC.
- ↑ «American Music Awards 2012: Complete Winners List». MTV. November 18, 2012.
- ↑ «American Music Awards 2014 Winners – AMAs The Complete List». ABC.
- ↑ «See all the winners from the 2015 AMAs». Entertainment Weekly.
- ↑ «Taylor Swift Biography: Singer (1989–)». FYI. Arkivert frå originalen den August 30, 2016. Henta 9. april 2015.
- ↑ Mennen, Lauren (November 12, 2014). «Taylor Swift's Wyomissing childhood home on the market for $799,500». Philadelphia Daily News. Arkivert frå originalen den October 17, 2016. Henta October 13, 2016.
- ↑ Jepson, Louisa (2013). Taylor Swift. Simon and Schuster. s. 1. ISBN 978-1-4711-3087-8. Henta August 16, 2016.
- ↑ Roth, Madeline (May 19, 2015). «Taylor Swift's Brother Had The Most Epic Graduation Weekend Ever». MTV News. Arkivert frå originalen den July 23, 2016. Henta July 25, 2016.
- ↑ «Taylor Swift, Age 12». New York Daily News (New York). Arkivert frå originalen den 27. august 2016. Henta 26. august 2016.
- ↑ «News : CMT Insider Interview: Taylor Swift (Part 1 of 2)». CMT. November 26, 2008. Arkivert frå originalen den 23. januar 2015. Henta 1. juli 2012.
- ↑ «Taylor Swift: The Garden In The Machine». American Songwriter. 2. mai 2011. Arkivert frå originalen den 10. mai 2012. Henta 21. mai 2012.
- ↑ Martino, Andy (10. januar 2015). «EXCLUSIVE: The real story of Taylor Swift's guitar 'legend'». New York Daily News (på engelsk) (New York). Arkivert frå originalen den 22. november 2015. Henta 28. august 2017.
- ↑ Martino, Andy (10. januar 2015). «Exclusive: The real story of Taylor Swift's guitar 'legend'». New York Daily News (New York). Arkivert frå originalen den 22. november 2015. Henta 10. november 2015.
- ↑ «americanbar.org PDF» (PDF). Americanbar.org. Arkivert (PDF) frå originalen den 11. oktober 2012. Henta April 18, 2012.
- Skavlan-gjest passerte millionen, NRK Kultur-og-underholdning, 03.11.2010
- Taylor Swift: Growing into superstardom, 12/8/2008, arkivert frå originalen 1. april 2012, henta 9. november 2010
- Taylor Swift, Billboard's Best-Selling Artist of 2008, Announces 'Fearless 2009' Headlining Tour, Big Machine Records, 30. januar 2009
- Taylor Swift... The Interview!, BBC Radio One
Bakgrunnsstoff