Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Spedbarn eller baby viser til ungar frå dei er nyfødde til dei er noko over eitt år gamle. Dette tidlege stadiet av menneskelivet er kjenneteikna av at ein ikkje kan gå (godt), tala, eta vanleg mat eller ta vare på seg sjølv på noko vis. Spedbarn er også meir sårbare enn eldre menneske, kroppen deira har til dømes dårlegare temperaturregulering , lite utvikla immunitet og fordøying og så vidare. Dei er derfor heilt avhengige av omsorg frå folk i ei foreldrerolle. Samstundes utviklar spedbarna seg raskt – dei veks, utforskar omverda og lærer å bruka evnene sine til å kommunisera, røra på seg og fungera elles.