Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Logo

SAVAK (Farsi: ساواک, kort for سازمان اطلاعات و امنیت کشور Sazeman-e Ettela'at va Amniyat-e Keshvar, Nasjonal etterretnings- og sikkerheitsorganisasjon) var det innanlandske hemmelege politiet i Iran frå 1957 til 1979.

Det har vorte skildra som den mest frykta og hata institusjonen i Iran fram til den iranske revolusjonen i 1979, på grunn av tortur og drap på motstandarar av sjahen sitt regime.

På det meste hadde organisasjonen så mange som 60 000 agentar i rekkjene sine. Det har vore anslått at da SAVAK vart oppløyst i 1979, hadde så mange som ein tredel av alle iranske menn eit eller anna samband med organisasjonen, anten som informantar eller agentar.

Opphavet til SAVAK var den etterretningsorganisasjonen som vart etablert av sjahregimet med amerikansk hjelp straks etter kuppet mot den venstreorienterte statsministeren Mohammad Mossadegh, som hadde planar om å nasjonalisere oljeindustrien i landet. Ein amerikansk oberst som arbeidde for CIA var ein sentral rådgivar ved opprettinga av denne etterretningsorganisasjonen, som vart kjernen i SAVAK. I 1954 rulla dei opp nettverket til Tudehpartiet i dei væpna styrkane. I 1955 vart den nemnde obersten erstatta av fem CIA-offiserar, som skal ha lært opp nesten alle i den første generasjonen av SAVAK-personell. Også instruktørar frå Mossad skal ha kome til frå 1960 til 1965.

SAVAK sensurerte alle media, sjekka søkjarar til jobbar i det offentlege og hadde lov til å bruke alle middel, inkludert tortur, i jakta på opposisjonelle. Dei kunne arrestere og fengsle folk som dei ville. Dei samarbeidde heile tida med CIA, mellom anna når det gjaldt forhøyrsteknikkar.

Etter at sjah-regimet var styrta, vart SAVAK oppløyst. Mange av leiarane i organisasjonen vart avretta.

SAVAK vart erstatta av SAVAMA, somtid også kalla VEVAK, men ifølgje forfattaren Charles Kurzman var det berre leiinga i SAVAK som vart skifta ut, da mange i organisasjonen vart med i den nye òg, med dei same metodane.

Kjelde

Den engelskspråklege wikipediaen, art. med same namnet, som lesen 27, juni 2009.