Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Pyeongchang
Hangul 평창군
Hanja 平昌郡
RR Pyeongchang-gun
MR P'yŏngch'ang-gun
Fylke
Land  Sør-Korea
Koordinatar 37°22′N 128°24′E / 37.367°N 128.400°E / 37.367; 128.400
Areal 1 464,23 km²
Folketal 40 427 (2015)
Kart
Pyeongchang
37°22′08″N 128°23′25″E / 37.368888888889°N 128.39027777778°E / 37.368888888889; 128.39027777778
Wikimedia Commons: Pyeongchang

Pyeongchang (uttalt på koreansk [pʰjʌŋtɕʰaŋ]) er eit fylke i provinsen Gangwon i Sør-Korea.

Fylket ligg i Taebaekfjella med høgder på frå 800 til 1000 meter over havet, noko som gjer staden til ein god vintersportsstad. Det finst fleire buddhisttempel i området, blant anna Woljeongsa. Pyeongchang ligg 180 km austom Seoul.

Fylket vart arrangør av Vinter-OL 2018, etter å ha søkt om dette to gonger tidlegare og tapt. Pyeongchang er den tredje asiatiske arrangørstaden for Vinter-OL etter dei to japanske byane Sapporo og Nagano.

Alpin-bakken

22. juni 2006 var byen ein av tre finalister til å få arrangere Vinter-OL 2014, men tapte kampen saman med Austerrike med Salzburg mot russiske Sotsji. Pyeongchang har tidlegare tapt kampen om å få arrangere Vinter-OL 2010. Staden arrangerte VM i skiskyting 2009. Fylket bestemte seg tidleg for å delta i konkurransen om Vinter-OL 2018,[1][2] OL-søknaden er bygd rundt vintersportsstaden Alpensia Resort.[3] etter å ha tapt avstemminga om å få verta arrangørstad i 2014. IOK valde byen som ein av tre kandidatar til å få arrangere vinter-OL i 2018, der dei to andre var München og Annecy. Avgjerda om kven som fekk arrangementet, vart teken i Durban 6. juli 2011.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Reiseguide for Pyeongchang frå Wikivoyage

Generelle

Olympiske