Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Princeton University | |||
| |||
| |||
Motto | Dei Sub Numine Viget | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1746 | ||
Stad | Princeton | ||
Studentar | 8 799 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 1 140 | ||
Medlemskap | ORCID, arXiv, Center for Research Libraries | ||
Nettstad | https://princeton.edu (engelsk) | ||
Princeton University 40°20′43″N 74°39′22″W / 40.345277777778°N 74.656111111111°W |
Princeton University er eit privat universitet i Princeton i New Jersey i USA. Det er den fjerde eldste institusjonen for høgare utdanning i USA, grunnlagt i byen Elisabeth i 1746 som College of New Jersey. Det låg i 2008 på tolvte plass globalt på Times si liste over verdas beste universitet.[1]
I 1896 flytta lærestaden til Princeton, og fekk samtidig namnet Princeton University. Princeton er eit av åtte Ivy League-universitet i USA.
I 2006 var det ialt 7 242 studenter ved Princeton, og skulepengane utgjorde US$ 33 000 årleg. Med 1 025 vitskapleg tilsette same året, gav det ein student:lærar-tettleik på 7:1, som er svært høgt, sjølv blant dei betre amerikanske universiteta.