Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Nile Basin Research Programme (NBRP), forskingsprogram om Nilbassenget, er eit forskingsprogram ved Universitetet i Bergen. Forskingsprogrammet vart offisielt opna den 15. mars 2006. Forskingsprogrammet er ei vidareføring av ein lang tradisjon Universitetet i Bergen har for å drive forsking på Nilen og områda i kring ho. Universitetet har som målsetjing å arbeida for å danna grunnlaget for nøytral forsking i området og byggje opp langsiktig kompetanse i regionen. NBRP går inn som ein del av the Nile Basin Initiative (NBI), eit initiativ som vart oppretta med stønad frå Verdsbanken i 1999 med hovudsete i Uganda. The Nile Basin Initiativet skal skape fred og samarbeid i ein region som mange har spådd å fostre enorme naturressurs-konfliktar i framtida.