Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Kusjittiske pyramidar ved Meroe | |||
Land | Sudan | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 35. sesjon i 2011. Referansenr. 1336. | |||
Kriterium: | II, III, VI, V | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Afrika | ||
Bakgrunnsstoff | Archaeological Sites of the Island of Meroe ved unesco.org |
Meroe (meroittisk Medewi eller Bedewi; arabisk مرواه, Meruwah og مروى, Meruwi; gammalgresk Μερόη, Meróē) er ein oldtidsby ved austbreidda av Nilen i Sudan. Han var hovudstad i Kusjriket i fleire hundreår. Byen ligg rund 6 km nordaust for Kabushiya stasjon ved Shendi, rundt 200 km nordaust for Khartoum. Nær staden ligg ei landsbyklynge som heiter Bagrawiyah. Pyramidane, tempel og slott og restar etter keramikk- og jernproduksjon ber vitne om eit rikt og mektig rike.[1] I 2011 blei Meroe teke med på UNESCO si liste over verdsarv.[1]
Meroe blei grunnlagd på 700-talet f.Kr. Han blei kongeleg bustad på 600-talet f.Kr.[2] På 500-talet blei hovudstaden for kongeriket flytta hit frå Napata lengre nord.[3] Grunnar kan vera trugsmålet frå Egypt i nord,[4] eller dei rike jernførekomstane ved Meroe.[3] Frå 200-talet f.Kr. blei dei fleste kongelege i Kusjriket gravlagde her, fleire av dei i pyramidar.[1] I 335 blei Meroe erobra og øydelagd av kong Ezana av Aksum.[2]
Byen hadde ein omfattande jernproduksjon.[4] Ved ruinane ligg høge slagghaugar som framleis vitnar om ein av dei største jernprodusentane i oldtida.[5]