Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Sjå òg ligurisk i oldtida
Ligurisk
Lìgure'
Klassifisering indoeuropeisk
 romansk
  galloromansk
Bruk
Ligurisktalande i alt 1,9 millionar (2000)[1]
Språkkodar
ISO 639-2 roa
Wikipedia på ligurisk

Ligurisk er eit romansk språk tala i Liguria nord i Italia og langs Rivieraen, i Monaco og delar av Frankrike, og nokre stader på Korsika og Sardinia. Den viktigaste dialekten er zenéize eller genovesisk som blir tala i Genova, den største byen i Liguria.

Ligurisk liknar meir på piemontesisk, lombardisk og fransk enn standard italiensk. Dei fleste talarane er fleirspråklege med italiensk som andrespråk.[1]

I Monaco talar ein den monegasiske dialekten (munegascu) som hadde få talarar på 1970-talet. Undervising i skulane gjorde at språket blei kjend for fleire.[1]

Dei liguriske dialektane på Sardinia blir kalla tabarchin. Han blir særleg tala i CarloforteSan Pietro og i Calasetta på Sant'Antioco.

Det er ikkje påvist nokon samanheng mellom moderne ligurisk og språket som blei tala i Liguria i oldtida.

Bakgrunnsstoff

Wikipedialigurisk

Kjelder

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 Ligurian ved Ethnologue