Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Krigen i Donbas | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
| ||||||
Partar | ||||||
Ukraina | Russland |
Krigen i Donbas, òg kjend som Krigen i Aust-Ukraina, er ein pågåande konflikt i regionen Donetsbekkenet (Donbas/Donbass) aust i Ukraina. Han starta etter Den ukrainske revolusjonen i 2014 og Krimkrisa i 2014. Prorussiske separatistar i Donbas tok kontroll over statlege bygningar, og erklærte sjølvstende frå Ukraina. 6. april 2014 vart Folkerepublikken Donetsk erklært oppretta i oblasten Donetsk. 27. april same år vart Folkerepublikken Lugansk i Luhansk oblast erklært oppretta. Totalt 10 303 menneske hadde mista livet før 15. november 2017, og over 1,5 millionar var drivne på flukt.[1][2]