Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Endra lenkjer

Konservatismen (frå latin; conservare, å ta vare på) som politisk retning oppstod etter den franske revolusjonen frå 1789 og frametter.

Ein av dei fremste tenkjarane i den tidlege konservatismen var den britiske godseigaren Edmund Burke.

Dei konservative var sjokkerte over den valden som ramma adelen i Frankrike under revolusjonen, og meinte denne hang nødvendig saman med tanken om at alle menneske var likeverdige og måtte ha same rettane (menneskerettane). Dei konservative meinte ulikskap er naturleg, og at alle samfunn må utvikle seg gradvis på sine eigne gitte premissar. Derfor måtte den radikale og universelle menneskerettstanken avvisast.

1800-talet var konservatismen ideologien til monarkiet, adelen og kyrkjeleiarane. Mot dei stod dei liberale, som representerte det ikkje-adelege borgarskapet som var på veg opp og fram i samfunnet, og dei tidlege sosialistane, som kjempa arbeidarklassen si sak. Noko av det viktigaste for dei konservative (og mange liberale) på denne tida var å hindre innføring av allmenn stemmerett.

Dei konservative i Noreg representerte, i mangel av ein adel, embetsmennene og deira sær-rettar i embetsmannsstaten (1814-1884). Det konservative partiet, Høgre, oppstod som ein kamporganisasjon mot innføring av parlamentarismen, det vil seie prinsippet om at regjeringa ikkje kan ha stortingsfleirtalet imot seg.

I dag kallar det norske partiet Høgre seg liberal-konservativt. Det har foregått ein viss dragkamp innanfor Høgre mellom verdikonservative kretsar og marknadsliberalistiske kretsar. Det er ikkje anna å vente, for marknadskreftene er i røynda ei sterk endringskraft i samfunnet. Dei fleste er vel samde om at marknadsliberalistane synest å ha overtaket i Høgre no. Såleis representerer partiet Høgre i dag først og fremst den økonomiske liberalismen.