Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
James Cook | |
Statsborgarskap | Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 27. oktober 1728 Marton |
Død |
14. februar 1779 (50 år) |
Yrke | oppdagar, kartograf, marineoffiser, sjøfarer, botanikar |
Språk | engelsk, fransk |
Medlem av | Royal Society |
Mor | Grace Pace |
Ektefelle | Elizabeth Cook |
James Cook på Commons |
James Cook (27. november 1728–14. februar 1779) var ein britisk oppdagar og navigatør som blei fødd i North Yorkshire i England og blei drepen på Hawaii. Han gjorde tre oppdagingsreiser i Stillehavet, der han kartla mesteparten av kystane, og siglde i tillegg rundt Atlanterhavet og Indiahavet.
Den første reisa til Cook (1768–1771), med skipet MH «Bark Endeavour», gjekk til Tahiti og New Zealand. Han kartla kystlinja frå New Zealand og fann sjøvegen mellom dei to øyane, som seinare er blitt kalla Cooksundet. Cook fann òg ei lei gjennom det store barriererevet, og viste at Australia og Ny-Guinea ikkje heng saman.
Under den andre reisa (1772–1775) vart han den første europearen som passerte den sørlege polarsirkelen, og oppdaga Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane.
På den tredje reisa (1776–1780), med HMS «Resolution», fann Cook Kiritimati (Juleøya) og den største øya på Hawaii. Deretter utforska han vestkysten av Nord-Amerika og leita etter nordvestpassasjen. Tilbake på Hawaii blei han drepen i kamp med dei som budde der.
Ved å ta i bruk ny astronomi til navigasjon gjorde Cook store nybrott for sjøfarten. Han blei òg kjend for å unngå skjørbuk blant mannskapet sitt ved å sørga for eit næringsrikt kosthald.