Knowledge Base Wiki

Search for LIMS content across all our Wiki Knowledge Bases.

Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.

Gong Lijiao


Statsborgarskap Folkerepublikken Kina
Fødd 24. januar 1989 (35 år)
Luquan
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2012 – Kulestøt damer, Asialekene 2014, Asialekene 2010, friidrett under Sommer-OL 2020 – kulestøt kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2008 – Kulestøt damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Kulestøt kvinner

Gong Lijiao (fødd 24. januar 1989) er ein kinesisk friidrettsutøvar frå Luquan som vart verdsmeister i kulestøyt i 2017 og 2019, og olympisk meister i 2021. Ho har elles vunne to sølvmedaljar og to bronsemedaljar i øvinga i fire ulike verdsmeisterskap, samt bronsemedaljen i Sommar-OL 2012.

Aktiv

Allereie 18 år gammal tok Gong seg til finalen i eit stort internasjonalt meisterskap då ho ved verdsmeisterskapen i Osaka enda på sjuandeplassen. Året etter sette ho personleg rekord med 19,46 m i kulekvalifiseringa under Sommar-OL på kinesisk heimebane, der ho vart nummer fem i finalen. Også i VM 2009 i Berlin sette ho personleg rekord, finalestøytet på 19,89 meter heldt til tredjeplass. To månader seinare passerte Gong 20-metersstreken for fyrste gong, under kinameisterskapen i Jinan vann ho kuletevlinga med 20,35 m.

Etter Gong vart nummer fire i VM 2011 i Daegu, tok ho bronsemedaljen både under Sommar-OL 2012 i London og VM 2013 i Moskva. Gong støytte 20,30 m i fyrste finaleomgang då VM 2015 fann stad i Beijing, eit resultat som gav henne sølvmedaljen, ettersom tyske Christina Schwanitz i tredje omgangen presterte 20,37 m. I mai 2016 forbetra Gong sin personlege rekord til 20,43 m i eit stemne i tyske Halle, men lukkast ikkje ta medalje i Sommar-OL i Rio de Janeiro.

Under friidretts-VM 2017 i London steig Gong heilt til topps på sigerspallen etter kuletevlinga. Ho tok leiinga med 19,16 m og auka i andre omgang til 19,35 m, før ho i femte omgang tok fram gullstøytet som målte 19,94 m. År 2018 sigra Gong for andre gong i asialeikane, år 2019 vann ho asiameisterskapen for andre gong og ho forsvarte verdsmeister-tittelen i Doha. I dei olympiske sommarleikane i Tokyo 1. august 2021 støytte Wang kula 20,58 meter, personleg rekord og ein suveren fyrsteplass i kuleøvinga.

Gong Lijiao i Oslo i 2011

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder