Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Nancy Wilson | |||
Wilson i september 2012 | |||
Fødd | 16. mars 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Francisco i California | ||
Fødenamn | Nancy Lamoureaux Wilson | ||
Opphav | Seattle i Washington i USA | ||
Aktiv | Sidan 1972 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Tilknytte artistar |
| ||
Verka som |
| ||
Far | John Bushrod Wilson | ||
Gift med | Cameron Crowe | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Nancy Lamoureaux Wilson (fødd 16. mars 1954) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og filmkomponist. Ho vart kjend i lag med den eldre systera si, songaren Ann Wilson, som gitarist og korvokalist i rockebandet Heart, der ho vart medlem i 1974.
Ho voks opp nær Seattle i forstaden Bellevue, og byrja å spele musikk som tenåring. Medan ho gjekk på college, vart ho i lag med systera Ann medlem av Heart. Dette var det første hardrockbandet fronta av kvinner,[1] og Heart gav ut fleire album seint i 1970- og i 1980-åra, frå og med Dreamboat Annie (1975) og Little Queen (1977), som begge inneheldt hitsinglar som «Magic Man», «Crazy on You» og «Barracuda».
Wilson har blitt hylla som gitarist og i 2016 kåra Gibson ho til den åttande beste, kvinnelege gitaristen gjennom tidene.[2]