Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
FAO | |||
![]() | |||
![]() | |||
Skipa | 16. oktober 1945 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Roma | ||
Land | Italia | ||
Nettstad | https://www.fao.org (engelsk) |
FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO: Food and Agriculture Organization) er SN-organisasjonen for mat og landbruk, men arbeider òg mot svolt i verda. Han skal òg samla og dela kunnskap om korleis ein kan forbetra og modernisera landbruk, skogbruk og fiske, særleg i u-land.
FAO blei grunnlagd i 1945 i Hot Springs i Virginia. Han har som motto fiat panis, latin for 'det vere brød'. I 2009 hadde han 191 medlemsland.
José Graziano da Silva frå Brasil har vore direktørgeneral i FAO sidan 2012. Før han har organisasjonen vore leia av:
Organisasjonen har særleg prøvd å utvikla områda der 70 % av dei fattige og svoltne i verda bur. For å få til dette har han fire strategiar:
FAO sin underorganisasjon for Berekraftig Utvikling (SD) gir råd til regjeringar om integrert regulering, planlegging og styring var naturresursar. Den koordinerer korleis organisasjonane set i gang Rio-toppmøte sin Agenda 21 og dei globale miljøkonvensjonane om biologisk mangfald, klimaendringar og ørkendanning frå 1992.
SD koordinerer og det tverrfaglege programmet for økologisk dyrking, den fremjar landbruket sitt omsyn til økosystem, og også beredyktige energistrategiar og -teknologiar. Den hjelpe og utviklingslanda med å bruke fjernovervaking, agrommeterorlogi og geografiske informasjonssystem, slik at dei kan styre naturressursane og overvake tilstanden til avlingane.