Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Eufrat | |||
arabisk الفرات: al-Furāt[1], tyrkisk Fırat[1], kurdisk Firat, gammalsyrisk ܦܪܬ, Prath, hebraisk פרת Prat | |||
elv | |||
Namneopphav: frå gresk og gammalpersisk Ufrātu, frå elamittisk ú-ip-ra-tu-iš | |||
Land | Irak, Syria Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Land i tilsigsområdet | Tyrkia, Syria, Irak, Saudi Arabia, Kuwait | ||
Tilløp | |||
• venstre | Balikh | ||
• høgre | Sajur | ||
Nedslagsfelt | 500 000 km² | ||
Byar | Birecik | ||
Landemerke | Assadsjøen | ||
Lengd | 2 800 km | ||
Vassføring | for Hīt | ||
• middel | 356 m³/s | ||
• maks | 2 514 m³/s | ||
• min | 58 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Murat Su, Tyrkia | ||
• høgd | 3 520 moh. | ||
Sekundærkjelde | |||
- stad | Kara Su, Tyrkia | ||
• høgd | 3 290 moh. | ||
Samløp | |||
- stad | Keban, Tyrkia | ||
• høgd | 610 moh. | ||
Munning | Shatt al-Arab | ||
- stad | Al-Qurnah, Basra guvernat, Irak | ||
- koordinatar | 31°0′18″N 47°26′31″E / 31.00500°N 47.44194°E | ||
Eufrat 39°43′42″N 40°15′25″E / 39.7283°N 40.2569°E | |||
Kart av det kombinerte nedslagsfeltet til Tigris og Eufrat (i gult)
| |||
Wikimedia Commons: Euphrates |
Eufrat er den vestre elva i elveparet Eufrat og Tigris i Irak og Mesopotamia. Namnet kjem kanskje frå assyrisk phrat, som tyder 'overflod', sidan elva i flaumtider gav åkrane langs elva mykje væte. Elva spring ut aust i Tyrkia, og renn gjennom Syria og Irak før ho møter Tigris i Shatt al-Arab, som munnar ut i Persiabukta.
Eufrat er den lengste elva i Vest-Asia.[2] Elva er omtrent 2 800 kilometer lang og har eit nedbørsområde på 675 000 km². Ho vert danna av to kjeledeelver som renn i hop ved Keban i fjella i Tyrkia: Kara Su ('svart vatn', òg kalla Vest-Eufrat, 450 km lang) frå vest og Murad Su eller Aust-Eufrat (650 km lang) frå aust. Den øvre delen av elva renn ned bratte fjell og djupe gjel i Taurusfjella. Ho renn gjennom Syria og inn i Irak. Her har elva gjennom åra flytt seg austover, slik at byar som Babylon er komne inn i den tørre audemarka.
Vassmengda skiftar frå 300 m³/s på sommaren til 4000 m³/s i vårflaumen. Nedstraums får elva ikkje noko tilførsel av vatn. Nord for Basra sør i Irak flyt elva saman med Tigris og blir til elva Shatt al-Arab, som i sin tur munnar ut i Persiabukta.
Ved Basra deler elva seg i mange løp, og dannar eit stort våtmarksområde.
Gruntgåande båtar kan trafikkere Eufrat opp til den irakiske byen Hit, 1930 kilometer oppstraums, og berre 53 meter over havet.
I Syria er det tre store sideelvar til Eufrat, Sajur, Balikh og Khabur. Desse elvane spring ut i forberga til Taurusfjella langs den syrisk-tyrkiske grensa og gjev forholdsvis lite vatn til Eufrat. Sajur er den minste av desse og spring ut frå to kjelder nær Gaziantep og drenerer sletta kring Manbij før ho munnar ut i reservoaret ved Tishrindammen. Balikh får det meste av vatnet sitt frå frå ei karstkjelde nær 'Ayn al-'Arus og flyt sørover til ho når Eufrat ved byen Ar-Raqqah. Khabur er den største av desse tre. Ho har òg ei karstkjelde kring Ras al-Ayn, og frå her renn ho søraustover forbi Al-Hasakah, der elva snur sørover og flyt til Eufrat nær Busayrah. Når Eufrat går inn i Irak er det ingen fleire naturlege sideelvar til Eufrat, sjølv om et går kanalar mellom Eufrat og Tigris.[3][4]
Namn | Lengd | Nedslagsfelt | Vassføring | Breidde |
---|---|---|---|---|
Kara Su | 450 km | 22 000 km | Samløp | |
Murat | 650 km | 40 000 km | Samløp | |
Sajur | 108 km | 2042 km | 4,1 m3/s | Høgre |
Balikh | 100 km | 144 000 km | 6 m3/s | Venstre |
Khabur | 486 | 37 081 km | 45 m3/s | Venstre |
Vatnet frå Eufrat var opphavet til den sumerske sivilisasjonen, frå 3000 f.Kr. Mange urtidsbyar låg langs elva, blant dei Mari, Sippar, Nippur, Shuruppak, Uruk, Ur og Eridu. Elvedalen danna mesteparten av oltidsrika Babylonia og Assyria. I mange hundre år markerte elva grensa mellom Persia og Egypt.
I gamletida var Eufrat bunden saman med Tigris ved hjelp av kanalar.
I følgje Fyrste Mosebok 2.14 er Tigris ei av dei fire elvane som renn ut av Eden.[5] Elva markerte austgrensa for det landet Gud gav til Abram.[6]
I Openberringa 16.12 skal Eufrat tørke inn i dei siste tider.[7]