Type a search term to find related articles by LIMS subject matter experts gathered from the most trusted and dynamic collaboration tools in the laboratory informatics industry.
Empedokles | |
Statsborgarskap | Acragas |
Fødd | ca. 494 f.Kr. Acragas |
Død |
ca. 434 f.Kr. |
Yrke | lege, filosof, skribent, lyrikar, politikar |
Språk | gamalgresk |
Far | Exainetos of Akragas |
Empedokles på Commons |
Empedokles var ein filosof som levde på byrjinga av 400-talet fvt. og kom frå Akragas på Sicilia.
Han er kjend for sin teori om at alt stoff i verda skal vera bygd opp av fire grunnelement (ein arkhe-teori). Empedokles sin teori blir difor rekna for å vera opphavet åt elementlæra. Han tenkte seg at alt i den fysiske verda var bygd opp av ei samansetjing av det han såg på som dei fire grunnelementa; eld, luft, vatn og jord. Desse elementa representerte eigenskapane våt, tørr, varm og kald. Alt i verda var såleis laga av ein kombinasjon av desse elementa, og endring kom av endring i samansetjinga av dei ulike elementa. Endringa vart gjort av to krefter, ei som skilde og ei som sette saman.